Tour de Bobil etappe 2 - Galdhøpiggen og turen vidare til Flåm.


Første kvelden køyrde vi til Raubergstulen, som er fjellstue og camping og nest siste stopp før Galdhøpiggen. Der rigga vi oss til for natta og hadde ein betre middag. Så var det berre å gle seg til å bestige Galdhøpiggen dagen etter!

Etter ei natt med pissregn var vi spente på korleis veret vart når vi skulle gå på Galdhøpiggen. Det var litt småsurt på Juvass før vi starta, men det vart berre betre og betre utover dagen, og vi fekk sol og kjempeutsikt på toppen.

Frå Juvasshytta er toppen dekt av skodde.

Vi var ikkje åleine...

Så var vi festa i tauet og igang på breen, lang lang rekke!



Oppe på ryggen etter å ha kryssa breen.
Så var det å klyve i ura til topps!


Snart oppe!
Nydeleg utsikt frå toppen!

På toppen!
Dokumentering er viktig!
På toppen av Norge!




Så var det å gå i lang lang rekke ned igjen!




 Vel tilbake på Juvasshytta så var vi litt i tvil om kor vi skulle reise vidare. Vi skulle vidare til Flåm for å ta Flåmsbana, og vermeldinga viste best ver dagen etter, så vi stola på yr.no og bestemte oss for å sette kursen rett mot Flåm.

Då gjekk turen over Sognefjellet, langs Sognefjorden til Sogndal og vidare til Lærdal og Aurland før vi kom til Flåm. På turen var det mykje fint å sjå!

På Sognefjellet som er Nasjonal turistveg.
Fanaråken inne i skodda.
Smørstabbtindane



Sognefjellet
Plutseleg varrt vi så svoltne så rett etter Skjolden vart det pøsjfest!
I tv-serien "Oppdrag Sognefjorden" var deltakarane innom Marifjøra og fleire andre småstader langs Sognefjorden. Vi stoppa i Marifjøra for å sjå om det var like fint i røynda. Og, det var det!






Tørvis Hotell - eit fint gammalt trehotell.

Norges lengste tunell - Lærdalstunellen.

























































Kommentarer

  1. Ser ut til at dere hadde en fin og innholdsrik tur!! Mange fine bilder:-)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar