Innlegg

Viser innlegg med etiketten Midsund

Nuglefestivalen 2016

Bilde
Det var store planer om bestigningar på Sunnmøre på årets Nuglefestival, men pga både dårlege vermeldingar og dårleg ver laurdag, så vart det endring i planene. I nydeleg ver tok vi turen til Midsund og Rørsethornet og Ræstadhornet. Ein kjempedag vart det! Takk for turen damer, neste år MÅ det bli finver på Sunnmøre!! Meir om turen finn du på www.morotur.no

Bløkallen og Drynahatten, Midsund

Bilde
Eg har vore på ein del toppar på Midsund, på Otrøya, men ikkje på Midøya og Dryna, så eg tok turen til Bløkallen og Drynahatten. Bløkallen kan ein gå til frå fleire sider, eg starta frå Ramsvika. Det er ikkje tid til oppvarming, det er rett opp frå starten av, så høgdemetra går ganske kjapt unna og plutseleg er ein over skogen og kan ta siste ryggen opp til toppen. På toppen er det nydeleg utsikt i alle retningar! Bløvatnet Innover Moldefjorden Vatnefjorden og Vatne Stemshesten og Melen i det fjerne Klaustehornet til venstre, Rørsethornet og Ræstadhornet til venstre Harøya Drynahatten