Bløkallen og Drynahatten, Midsund

Eg har vore på ein del toppar på Midsund, på Otrøya, men ikkje på Midøya og Dryna, så eg tok turen til Bløkallen og Drynahatten. Bløkallen kan ein gå til frå fleire sider, eg starta frå Ramsvika. Det er ikkje tid til oppvarming, det er rett opp frå starten av, så høgdemetra går ganske kjapt unna og plutseleg er ein over skogen og kan ta siste ryggen opp til toppen. På toppen er det nydeleg utsikt i alle retningar!


Bløvatnet
Innover Moldefjorden
Vatnefjorden og Vatne


Stemshesten og Melen i det fjerne
Klaustehornet til venstre, Rørsethornet og Ræstadhornet til venstre

Harøya
Drynahatten

Kommentarer