Panoramajakta held fram i Trandal - var eg på toppen? Var iallefall på Trandalshatten
Under frokosten på Trandalssetra kom og gjekk skydekket. Eg vurderte turmål, men vart ikkje heilt einig med meg sjølv. Til slutt landa eg på Saudehornet, nabotoppen til Trandalshatten. Var litt sliten etter dagen før, så det frista mest med ein tur kor eg kunne gå på sti heile vegen! Før eg var ferdig med andre kaffekopp var skodda så tjukk at det draup frå ho. Bestemte meg for å avvente litt og låg og slumra og las bok. Etter eit par timar bestemte eg meg for å pakke sammen og prøve på tur, satsa på at eg kom over skydekket. Dagen før skodda opp til ca. 700 moh. Det er tydeleg og delvis merka sti opp til Trandalhatten, så ingen problem å finne vegen. Starten på stien er frå ein sving i setervegen, ca. 250 moh. Det gjekk som eg håpa, omtrent på 700 moh, skodda vart plutseleg tynn og sola kom gjennom. Like fint denne dagen som dagen før, men no såg eg tilbake på gårsdagens toppar. Molladalstindane Tok ein matpause, sola meg og nytte utsikta. T...