Panoramajakta held fram; Litjvasstinden 1490 moh, Bøstølen, Rauma
Bøstølen Endeleg ein dag med finver, så eg var rask å hyve meg i bilen og sette kursen mot Innfjorden og Bøstølen. Vart møtt av både kyr og sau før eg parkerte, og eg blir like glad kvar gong eg ser dyr til seters. Noreg treng bonden! Dagens mål var Litjevasstinden 1490 moh. Første del av turen går opp til Litjevatnet langs fin sti. I følge kartet skulle det gå ein sti langs vatnet på nordsida, men den tok plutseleg slutt...og eg måtte bryte meg gjennom bjerkakjerr type jungel...Var heilt herleg å kome ut på andre sida og finne ein fin sti opp mot Ytste Brynbottsvatnet. Fin sti inn til Litjevatnet Litjevatnet Flott "sti-valg"... Endeleg ute av krattet Tok ein liten pitstop før eg starta på ryggen opp mot toppen. For å komme opp på ryggen gjekk eg berre rett på, og etter nokre bratt meter var eg oppe på ryggen. Ryggen er fin og følge, litt smal enkelte plassar men desse kan fint passerast på venstre side av ryggen. Litt deprimerande å sjå nysnø...