Innlegg

Viser innlegg med etiketten vårskitur

Stabbeskaret, Trollstigen

Bilde
Årets siste skitur gjekk til Stabbeskaret 27.mai. Kvelden før kjaur eg opp til Trollstigen og overnatta i telt, og snakk om fin kveld! Dagen etter hadde eg tenkt meg til Breitind, men pga at eg starta turen kl. 06.30 så var snøen steinhardt og eg hadde glemt stegjern i bilen...., så vart Stabbeskaret nytt turmål. Fantastisk utsikt i alle retningar, men dårleg skiføre! Kart over turen nederst, start frå Trollstigplatået/Stigrøra. Kan ikkje klage på utsikta! Finnan, Kongen, Bispen, Trollryggen, Storgrovfjellet og Stigbotthornet (frå venstre). Breitind midt i biletet, opprinneleg turmål. Finnan, Bispen, Kongen, Dronninga og Karitind Trollveggen frå baksida Langt ned i Romsdalen Måtte frampå kanten! Romsdalshorn, Vengetindane og Kvanndalstind - tre av dei store.

Søndagstur de luxe - Blånebba 1320 moh, Rauma

Bilde
I starten av mai var Benthe, Elisabeth og eg på tur til Blånebba. Knallblå himmel, sol og greit føre. Det beste med heile turen, er utsikta! Aldeles nydeleg! Vengetindan og Romsdalshorn Store og Litje Vengetind FOR ei utsikt! Frå venstre: Hornaksla, Litjehornet, Romsdalshornet, Skardfjellet, Breitinden, Trollryggen og Store Trolltind På toppen - utsikt rett mot Vengetindan. Happy skier!

Ystetinden 1162 moh

Bilde
I dag gjekk turen til Ystetind saman med Lene og Hege. Det var skia på sekken opp til ca 400 moh før vi kunne henge joggeskoa i eit tre og gå vidare på "skiføre". Det første partiet var det meir lyng enn snø, men godt føre!! Vi var ikkje åleine på fjellet idag, og kjentfolk traff vi også på. På toppen var det rett så sur vind, men mat og kaffe vart det likevel. Det er vel ikkje føret ein hugsar frå denne turen, men vi kom oss heilskinna ned alle tre og kjaur på ski til det berre var lyng igjen! Så var det berre å få på joggeskoa og få opp farta - vi hadde ein fotballkamp og rekke! Alle var vi einige i at det hadde vore ein suuuper tur! Tusen takk for turen Hege og Lene!  Supert vårskiturføre! Hege og Lene i godt driv Toppen i det fjerne Rett før toppen. Kjempeutsikt i retning Ålesund På toppen! Klar for nedfarten. Da var det slutt på skiføret.