Panoramajakta held fram; med blytung ryggsekk, luksus og telt frå Sandgrovbotn

Panoramajakta tek meg til mange rare stader, og nokon fjell tek det lengre tid å kome seg til enn andre. Iallefall når ein i tillegg legg opp til ein lengre rundtur med sekken full av luksusvarer ;-)

I slutten av august var det knallver, og eg hadde fått med Benthe på ein 3 døgns rundtur med utgangspunkt i Sandgrovbotn. Parkerte bilen ved ei lita hytte ved vatn 1049 moh, nokre få km frå enden av vegen i Mardalsbotnen. 

Sekkane var blytunge, turutstyr, klede og mat og drikke for 3 døgn fyller fort opp sekken. Trur mange hadde droppa ein del av innhaldet, men av og til skal ein dra med litt luksus og verkeleg kose seg. 



Vi sette kursen inn Grønbotnen. Drygt stykke utan særleg stigning. Dalen fører rett til kanten av Romsdalen, men vi svinga mot høgre då vi kom til den opne hytta i Grønbotnen. Her var det folk, ikkje rart når reinsjakta akkurat hadde starta. Etter hytta er det kupert terreng fram til det heller nedover mot Rangåvatnet. Fint terreng så langt. 

Utsikt rett ned i Romsdalen
Myrulla er berre utruleg fin
Men, opp frå Rangåvatnet begynte vi å kjenne det. Vi skulle opp drøye 200 høgdemeter, det vart ikkje sagt så mykje før vi kom opp kor det flata ut og vi fekk utsikt mot Kalskråtind, Kvanndalstindan og Vengetindan. Det var botn i bøtta for begge to, så no starta jakta på ein teltplass. Etter litt leiting fann vi eit relativt flatt område med plass til to telt. 


Vi fekk opp telta og sette igang med middagen. Det smaka utruleg godt med posemat, ein halvliter og utsikt mot Kalskråtind, Kvanndalstind og Vengetindane i solnedgang!

Kalskråtind og Mongevatnet




Vakna til ein nydeleg morgon, med frost på teltet og vasspyttar. Hausten er definitivt her! 



Til frokost var det på tide å hoste opp litt av luksusen frå sekken. Eg hadde ei overrasking på lur! Det vart egg, bacon og pannekaker til frokost! Benthe gjorde store auger der ho kom krypande inn i matsalen (forteltet). Super start på dagen! Så vart det såklart kaffe med sjokolade til, både før og etter maten!!


Bacon hører med til pannekakene
Speilegg er sikringskost
Etter å ha fått frokosten litt ned i systemet pakka vi saman leiren og sette kurs mot den nordre sida av Mongevatnet. 

Mongevatnet
Målet for dagen var Kalskråtind. Om vi skulle vidare eller ikkje var ikkje heilt bestemt.  Nede ved vatnet var det mat- og solingspause før vi pakka om til svært lette sekkar og sette kursen oppover bakken. På avstand ser Kalskråtind skikkeleg bratt og ekkel ut. Bratt var det, men ikkje ekkelt. Det var rett og slett ein stykk lang motbakke, ein god del av den i ur. 

Skodda letta litt innimellom så vi fikk sett ned i Romsdalen
Toppen i sikte, men rett etter kom skodda
Det var knallver når vi la avgarde frå vatnet, men når vi kom opp til ca 1400 moh kom skodda drivande. Fortsatt god sikt, men kjipt om den skulle vere på toppen når vi kom dit. 

Studering av neste dags rute
Vi labba vidare oppover ura og til slutt stod vi oppe på toppenflata, som er diger som flere fotballbanar. 

Kvanndalstind og Torshammaren kom fram gjennom skydekket. Vengetindane er inne i skyene.

Litt kjedeleg å vere på ein topp og ikkje sjå mykje, men panoramatopp er panoramatopp! 



Heldigvis letta skodda litt, så vi fekk utsikt mot Kvanndalstinden og Vengetindane. Det var rett så småsur vind, så vi vart ikkje lenge. Under toppen fann vi eit par snøflekkar og var kjapt nede på ca. 1400 moh. På turen nedover letta skydekket og vi fekk utsikt rett ned i Romsdalen og mot fjella på motsett side av dalen. 



Etter som skyene letta kom også Trollveggen, Romsdalshorn og mange til fram.


Det vart finare og finare veg heile vegen ned til sekkane. Vi hadde allereie bestemt oss for at vi ikkje skulle gå vidare, men campe ved vatnet. Hadde sett oss ut eit flatt, fint parti  når vi kom gåande frå første camp. Vi kom over ein del ved rett før vi kom ned igjen og plukka med oss det vi kunne, gjekk til og med to rundar. Hadde så lyst på eit bål!!



Vi var svoltne så det var opp med telta og sette igang kjøkkentenesta. Vi starta med utepils og pannekaker! Etter litt slumring var det plutseleg tid for middag. Pasta ett eller anna med rødvin til. Etter det var det kaffe med baileys. Vi kan og kose oss på tur!! Korleis gjekk det med bålinga? Vart ikkje noko av den, det var sterk vind heile kvelden, og vi var ikkje interessert i å få hol på telta. Så den som kjem dit ein gong, har iallefall ved!

Dagen etter var det nok ein nydeleg dag, sol og omtrent blikkstille. Frokosten vart inntatt ute i lyngen, og no var det vanleg frokost, det var slutt på pannekaker og bacon! Etter kaffekos pakka vi saman leiren og starta på turen vidare. Dagens mål var Kvanndalshøin og så over til Fleskevassbu. Fint lettgått terreng opp Nordre Mongedalen. 



Vi gjekk dalen oppover til vi såg ned på Middagsfjellvatnet. Der sette vi igjen dei store tunge sekkane og pakka den litje sekken. Eg jakter jo på dei 222 toppane ein ser frå varden. Men på ei anna samleliste er det 253 toppar, det er lagt til 31 toppar som er over 1000 moh og som ligg under synsranda. Eg veit med meg sjøl at eg vil få tak i desse før eller seinare, så når vi var i "strøket" vart de ein ekspedisjon til Kvanndalshøin. Det vart nokre høgdemeter og over eit fjell før vi stod på toppen. På turen hadde vi også fått sett to flotte reinsbukkar. Artig! Ikkje ofte ein får oppleve slikt på nært hald. 

Det synet som møtte oss i det vi runda rundt og opp mot toppen av Kvanndalshøin er til å bli religiøs av. Utsikt mot Kalskråtind, Trollveggen, Kvanndalstind med Torshamamren og Vengetindane. FOR eit syn! 




Det vart brownies med tennbrikkelukt og saft før vi sette snuten ned igjen. Heldigvis kunne vi skli på nokre snøflekkar og var snart nede og klar til å klatre 100 høgdemeter opp igjen for å kome oss over eit lite fjell og ned til sekkane. 


Kjapp matpause før vi starta på turen til Fleskevassbu. Den sekken var jaggu meg tung...sjølv om mykje av luksusen var ete opp! Men, sett ein fot framom den andre og ein kjem fram. Det tok ikkje så lang tid før vi kom opp og kunne sjå ned mot Fleskevatnet og Fleskevassbu. Fleskevassbu er ei knøttlita open hytte som tilhøyrer Hen Fjellstyre. Vi hadde planer om å overnatte der, men når vi kom heim var den opptatt, det same var naustet! Så, etter mykje om og men fann vi eit par "flate" områder og fekk opp telta. Eg måtte legge all bagasje på eine sida for ikkje å ramle nedi eit hol....

Fleskevassbu
Middagen smaka godt denne dagen også, og det var deilig med ein liten kvil i lyngen. Han som var på hytta kom og bad oss på fisk han hadde fått på garn natta før. Herrefred kor godt det var! Fjellaure stekt i haugevis med smør, skinnet så sprøtt og godt som potetgull, og knallraud inn! Dette er rett og slett utan samanlikning.




Vakna til nok ein nydeleg morgon og vi brukte god tid på frokost og kaffe før vi pakka saman. Dagens rute var rein transport tilbake til bilen. Først bratt ned til Grøttavatnet og i ur langs vatnet. 

Så var det Gud veit kor mange kilometer på grusveg....langt nok til å bli sur av! Gleda var stor når vi kunne kaste av oss sekkane og ta av skoa ved bilen. 
Juratind langt i det fjerne!
Sjølv om vi var ganske så mør i føtn, så er konklusjonen: FOR ein tur! Tre døgn med knallver, ein panoramtopp, ein "uekte" panoramatopp, tre nydelige teltplassar, mykje god mat og drikke og godt selskap! 

Takk for turen Benthe!




















Kommentarer