Eg måtte berre ut. Ut av Molde. Føltes som
evigheiter sidan eg ikkje var på jobb eller satt inne i eiga stue. Og skia
begynte å støve ned. I Rauma er det mange hytter som er ope for oss alle, mot
nokre kroner for overnattinga. Inne i Ljøsådalen, start frå Skorgedalen, ligg
Ljøsådalsbu. Ei relativt ny hytte, med plass til 4, vedovn og gassfyr. 150
kroner for ein enkeltperson.
Køyrde til Skorgedalen, og starta ut på tur
i nesten 10 plussgrader…..det er heilt feil i januar.
|
Såta, Svartvasstinden/Lille Blåtinden og Måsvasstinden |
Hadde planer om å gå opp
på Gravfjellet på veg til hytta, men det måtte gå ut. Eg brukte så lang tid på
å kome meg innover dalen, at det ville ha vorte mørkt før eg kom meg opp og
ned. Alle bekkar var opne, store myrparti flaut over av vatn og elvene var som
i snøsmeltinga på våren, braddfulle og umogleg å kome over. Den eine elva eg
måtte over var kanskje 30 meter brei, men eg måtte mange høgdemeter opp og
totalt ein omveg på 2,5 km for å kome over elva.
|
Dei siste solstrålane skin på Vengetindan |
Men, for ein solnedgang eg fekk med meg! Bak
meg var himmelen blå. rosa, gul, mørkeraud og oransje. Framom meg var
landskapet farga lyserosa. Det er nesten så ein ikkje trur deg, skulle berre å
sett seg ned og sett på alt til det vart mørkt. Eg kom fram til hytta medan alt
var rosa, og det var like før mørket kom.
|
Smørbotn og Gravfjellet |
|
Måsvasstinden og ryggen opp til Loftskarstind |
|
Ljøsådalshytta |
Eg var både svolta og litt småkald, så det
var berre å få fyr på omnen, på med tørre kler og få fyr på gassen. Utruleg kor
godt maten smakar når ein er på tur! Vart rett så døsig der i varmen frå
vedovnen, så det vart ein tidleg kveld.
Til frokosten kunne eg nyte soloppgangen og
det flotte lyset, før eg pakka saman. Hadde planer om ein runde over
Storblåtinden, Måsvasstind, Loftskarstind, Galtåtind og Snortungen før retur
til Skorgedalen, men det var så sterk vind at eg gjorde om på rutevalget. Så
første stopp vart Måsvasstinden før eg staka bort til Storblåtinden og skrensa
meg ned bratta på isskaren. Takk for gode stålkantar!!
|
Det er ikkje lenge før sola kjem og alt er rosa og lyseblått |
|
Alle tre veks inn i himmelen.... |
|
Super utsikt til nokon av dei store i Romsdalen! |
|
Sur vind på toppan! |
|
Utsikt frå Måsvasstinden og ut Ljøsådalen |
|
På Nordmøre låg skodda mellom fjella |
|
Lille Blåtinden/Svartvasstinden nærast |
Det var framleis tidleg på dag, så eg kunne
ikkje gje meg no. Bestemte meg for å gå oppom Gravfjellet på retur, så eg sette
kursen i retning hytta, men heldte meg høgt oppe i sida under Såta og i retning
Såtskaret, for å spare meg høgdemeter. Sola var endeleg kome fram, og eg kjente
den varme i fjeset under lunsjen. Elva som rann ut frå Såtskarvatnet var open,
men heldigvis var det så lite vassføring at det berre var å spasere over. Turen
til topps på Gravfjellet er jamn stigning, ingen problem med å finne vegen.
|
Ved Såtskarvatnet |
Turen til topps på Gravfjellet er jamn stigning, ingen problem med å finne vegen.
|
På toppen av Gravfjellet |
Oppe på toppen var det nok ein gong sur vind, og det var berre å få av fellene og finne ut kva veg eg skulle ta ned. Landa på å køyre ned på sør-vest sida, der er det ei lita fin»renne» eller skal vi seie glenne, kor det var fine slusj-forhold. Med å halde godt innover dalen til høgre (mellom Gravfjellet og Smørbotn) kom eg meg over elva på same punkt som på turen innover, og slapp lang omveg. Så var det berre å stake, hoppe og skli seg over blauthola tilbake til bilen.
Kart over turen:
Bomveg opp til Skorgedalen, betaling med kort.
Kommentarer
Legg inn en kommentar