Panoramajakta held fram; Brurefølgjet 1345, Tresfjorden

Rundt Tresfjorden er det utruleg mange fine fjell, og eg har vore på flesteparten av dei. Brudefølgjet har stått igjen ei lita stund, og tidlegare i haust vart det tur dit. Turen startar frå innerst i Tresfjorden, kjør til Øvstedalen og fortsett vidare på bomveg til parkeringsplass. Bratt men fin sti opp til Kleiva. Kart over turen ligg nederst. 





Frå Kleiva gjekk eg langs merka sti opp til skardet under Litleskorkja.

Rollsbottskorkja til venstre, Brudefølgjet heilt til høgre
Sjølv om eg har vore der før så bestemte eg meg for å svinge oppom Litleskorkja når eg var i strøket. Nydeleg utsikt frå toppen, så tok ein liten matpause der. Meir om turen til Litjeskorkja og Rollsbottskorkja finn du her.

Litjeskorkja til venstre
Nydeleg utsikt frå toppen av Litjeskorkja
Dagens turmål litt til høgre i biletet, lengst bak er Lauparen
Etter matpausen sette eg kursen ned i skardet mellom Litjeskorkja og Rollsbottskorkja, før eg gjekk ned under Rollsbottskorkja og i retning Dalsbotnen. Så sikta eg meg inn mot ryggen opp mot Brudefølgjet. Det er rett og slett ein lang motbakke! Tidvis spor av sti, andre plassar ikkje. Rett og slett bratt motbakke, så pusten fekk kjørt seg.

Gjekk langs ryggen i biletet


På veg opp ser det bratt og luftig ut, men som (nesten) bestandig, så opnar fjellet seg opp og det er "berre" ein fjelltur!


Når ryggen tek slutt kjem ein opp til ein bratt hammar på venstre side. 


Toppen er til høgre for hammaren. Først over ein artig rygg til ein fortopp. Frå fortoppen gjekk eg nokre høgdemeter ned igjen i retning Dalsbotnen. Det er bratt, men ikkje eksponert. Stien går langs mose og lyng"hyller" ned til skardet mellom toppane. Er det glatt bør ein vere forsiktig her. Så var det berre å labbe opp mot toppen. Aldeles nydeleg utsikt derifrå!



Frå toppen er det god utsikt til Lauparen. Der var det mange folk å sjå, men eg var heilt åleine.


Ny panoramatopp i boks!
Utsikt mot Molde
Frå toppen mot Lauparen


Hausten altså!


Kart over ruta:

Kommentarer