Første veka i ferien var det skikkeleg sommarver, så då sette eg kursen mot Sunnmøre for nokre dagar med panoramajakt og teltliv. Starta på turen frå Ytre Standal, bomveg opp til ca 200 moh, til stor parkeringsplass. Frå parkeringsplassen er det raudmerka sti over til Standalshytta. Eg følgde stien opp til Haugen kor det ligg to hytter. Litt forbi hyttene deler stien seg, eg tok til høgre retning Molladalen.
Dagens må var Høgevatnet kor eg skulle overnatte. Fin kveld og fin utsikt til mellom anna Ystenestinden, Lisjedalstinden og Romedalstindane. Lisjedalstinden stod på agendaen for dagen etter.
|
Ved Høgevatnet |
|
Tungremtindane midt i biletet, Ytre Standal nede ved fjorden |
|
Romedalstindane |
|
Litt planlegging før leggetid |
Vakna til ein nydeleg sommarmorgon, og det var shorts og korterma frå starten av.
|
Høgevatnet, skimtar så vidt teltet nede til venstre for vatnet. |
Høgevatnet ligg nede i ei dump, og når eg kom meg opp av dumpa, ca. 15 høgdemeter, var dette synet som møtte meg.
Frå Høgevatnet er det ca 300 hm til ein er oppe på ryggen mellom Grønetinden og Svinetinden, og då ser ein Molladalen i all sin prakt.
|
Mohns topp, dagens andre mål |
|
Jønshornet til venstre, Randers topp i midten og Mohns topp til høgre |
Det var ein nydeleg morgon, og det var sikkert nærare 20 telt rundt vatnet. Molladalen er jo eit mekka både for klatring og fotturar.
Dagens første mål var Jønshornet, 1419 moh, høgste toppen i Molladalen. Ruta går opp renna kor snøen ligg, litt til venstre i biletet. Det er ingen utsette parti på ruta opp, det er berre ein bratt motbakke! Det er tydeleg sti, så ingen problem å finne vegen opp.
Etter som høgdemetra går unna blir utsikta berre betre og betre.
Det er heilt fantastisk å gå over skydekket, ser ut som det ligg bomull i alle fjordar.
|
Straks på toppen av Jønshornet, Randers topp til høgre |
Det var så fint på toppen at eg tok meg ei matpause for å berre nyte. Det var også vindstille, slike dagar er det ikkje mange av i løpet av året.
|
Ny panoramatopp i boks! |
Så var det retur same veg, mykje lausgrus på stien, så best å halde seg på føtn, vart eit lite skrubbsår på veg ned! På ca 850 moh tok eg av på stien til venstre. Stien går forbi Reiulf Steen, ein stein ein kan søke ly under. Var tydelege bevis på at nokon hadde vore der for ikkje lenge sidan.
|
Reiulf Steen |
Så starta motbakken igjen, denne gongen opp Mohns renne. Denne er litt brattare og "smalare" enn Jønnshornrenna, men ingen problem å gå opp. Her kan det vere fare for at folk høgare opp i renna utløyser stein, så kan vere lurt med hjelm, og sjå seg for kor ein sett føtn så ikkje ein løyser ut stein,
|
På veg mot Mohnsrenna som går til venstre for høgste fjelltopp. Mohns topp er toppen i midten av biletet. |
Oppe av renna er det utsikt rett mot Bladet (biletet under) som er eit populært klatremål. Det var kø for å få klatre der. Kanskje får eg klatra det ein gong?
Rett før toppen er det to korte parti som kan vere litt utfordrande. Først må du rundt ein stein og opp på ny stein, litt langt ned på venstre side... Eg var så heldig å møte nokon med tau, så eg fekk ein tauende å halde tak i, og klauv berre opp. Tilbake er dette enklare, berre å hoppe ned frå steinen og inn mellom to store steinar. Neste punktet er ein litt smal egg, kanskje 5 meter, men ingen problem utan tau om ein tek seg tid. Endeleg oppe på dagens andre panoramatopp!!
På toppen av Mohns var all skodde borte og fjordane vart synlege. Det er eit mektig skue med alle fjella rundt Hjørundfjorden og resten av Sunnmørsalpane.
|
Utsikt mot Romedalstindane |
|
Til høgre er Ystenestinden, den er også ein panoramatopp.....trur eg treng tau der! |
Vel nede Mohnsrenna sette eg kursen i retning av skaret mellom Holtanna og Lisjedalstinden.
|
Nede frå renna |
Ryggen opp frå skaret er ikkje bratt, men eg feiga rett og slett ut på eit punkt. Sikkert berre knappe 20 hm under toppen. Var sliten og ikkje sikker på vegvalet. Kjipt, men betre å snu enn å utfordre når ein ikkje er komfortabel med det. Så eg gjekk under toppen og inn i skaret mellom toppen og Grønetinden. Derifrå retur ned til teltet.
|
Grønetinden |
|
Ystenedtinden |
|
Tilbakeblikk |
Det hadde vore ein varm dag og vel nede ved teltet tok eg eg kjapt bad før eg pakka saman. Ikkje direkte sydentemperatur, men herleg forfriskande. Planen var å køyre vidare til Trandal same kvelden, og dit går det ikkje ferger kvar time. Så det var berre å sette opp farta ned til bilen og køyre til Store Standal.
Over på andre sida av fjorden køyrde eg vegen til Trandalssetra til endes og fann ein fin teltplass. Pannekaker med bacon til middag var berre heilt fantastisk! Hadde fleire moglege turmål for dagen etter, men bestemte meg for å vente for å sjå an veret.
|
Ikkje verste plassen å overnatte |
|
Nydeleg middag! |
|
Fekk gjestar ved teltet! |
Kort oppsummert: ein nydeleg dag på fjellet og to nye panoramatoppar! Kart over turen under.
Kommentarer
Legg inn en kommentar