Panoramajakta held fram; Skardfjellet Nord 1568 moh, Trollstigen

Etter ein dag med sprutregn, letta det utover dagen og eg bestemte meg for å tru på yr som meldte finver dagen etter. Så da var det opp til Alnesreset og parkere bobilen og vente på morgondagen. Det vart ein nydeleg kveld!


Kongen og Bispen i solnedgang

Morgonen etter vakna eg til blå himmel med lett slør og sol, så det var berre å pakke sekken og kome seg avgarde.


Første etappe var opp til skaret mellom dei to toppane på Skardfjellenden, så vidare mot Børa i litt slakare men småkupert terreng. Da var det på tide med ein kaffekopp i sola og med storslagen utsikt til.

Utsikt frå Børa
Etter kaffepausen sette eg kursen vidare mot ryggen eg skulle opp, til venstre på bildet under.


I nedre del var ryggen var det stor blokkstein eg måtte forsere, så det gjekk ikkje akkurat oppover i full fart. Men parti med artig klyving før eg kom opp til den første litje fortoppen. 
Starten av ryggen

Breitind dukka opp
Etterkvart som eg kom oppover vart utsikta berre betre og betre. Trollveggen og Bretind, med melisdryss på, dukka opp bak Stigbotthornet. Bestandig like fasinerande å sjå Trollveggen.



Tilbakeblikk på turen
Toppen i sikte
Etter ein artig egg med storslagen utsikt var eg endeleg oppe.

Liten varde på toppen!
Kjempefint ver, men utruleg sur vind!
Panorama frå toppen
Romsdalshorn, Hornaksla, Olaskartind og Vengetindan
Utsikt mot Alensdalen, Alnestind og Finnan
Etter ein betre lunsj bak ein stor stein ved toppen, var det på tide å sette kursen ned igjen. Eg følgde ryggen ned i retning mot Søre Isglupen og Skardfjellet. Det praktiske med mykje snø i fjellet er rask nedfart, og høgdemetra ned til bandet mellom toppane gjekk unna i stor fart.

Panorama frå toppen

Mannen nede til venstre, Vengetindan, Kvanndalstind og Karlskråtind bak. 

Så var det berre å starte på den lange turen ut dalen igjen. Vekslande underlag, stein og blaut snø gjorde at det vart ein lang og tung tur tilbake. 

Ein fin topp som eg ikkje trur er så ofte besøkt. Panoramatopp nr 153 i boks!

Her er kart over ruta:




Kommentarer

Legg inn en kommentar