Bjørnarlågtinden 1306 moh, Nesset

Bjørnarlågtinden ved starten av Eikesdalsvatnet er ikkje ein "ordentleg" panoramtopp. Med ordentleg meiner eg at den ikkje er av dei 222 toppane, men den er på ei liste som inkluderer 253 toppar. I tillegg til dei 222 er det lagt på 31 toppar som er over 1000 moh, men som er under synsranda. 

Turen startar ved starten av Eikesdalsvatnet kor T-merka sti over til Brandstadbu startar. Stien er godt merka og lett å finne, men tydeleg at ikkje mange går den, for det var mykje gras og kvist å gå gjennom.



Det stig bratt på oppover, og utsikta blir berre betre og betre. Det er bratt motbakke opp dei 700 første høgdemetra før det flatar litt ut. Først oppe på rundt 900 moh flatar det ut, men då er det på tide å komme seg over elva og starte på ny motbakke. Fin utsikt innover Ljøsåbotnen, Skjorta og Litj-skjortene viser seg fram.

Matpause for både to- og firbeinte

Litj-skjorta vest/"t-skjorta" med renna Knappestolpen midt i. 
Eg kryssa elva nokre hundre meter etter at eg hadde passert hytta som står der det flatar ut. Det var ei alt anna enn elegant kryssing, og eg fekk etter litt om og men lura Zoe over, i ett meir spenstig byks enn underteikna! Eg begynnte på motbakken og gjekk først litt i retning Ljøsåbotnen, fann fine grasbakkar å gå på. Etterkvart svinga eg tilbake i retning Eikesdalsvatnet og kom opp på ryggen, som eg gjekk langs til topps. 




Oppe på ryggen kunne vi endeleg nyte utsikta! Zoe var rett så imponert ;-)


Siste del av ryggen er for det meste steinur. Zoe hadde litt problem over enkelte store steinar, så måtte løfte ho. Då såg ho berre surt på meg, skulle nok sikkert kome seg fram på eiga hand!



Mardalsfossen er open i to månadar, frå 20.juni til 20.august. Vi var der den 18.august, og fekk sjå fossen i all sin prakt på avstand!


Zoe var skikkeleg fornøgd med bestigninga!



Utsikta frå Bjørnarlågtinden mot Trondskjortetinden, kor eg var i juni.


Ned igjen gjekk vi langs ryggen heilt til vi kom ned til skogen. God sti, men delvis blaut. Når eg kom ned til skoggrensa, så vart eg usikker på kor stien ville ta oss. Tok ikkje sjans på at den førte oss over elva, så tok av stien i retning Ljøsåbotnen igjen. Etter ein mindre grasiøs og fuktig passering av elva, var vi inne på stien igjen. Så var det berre å bremse seg ned til Eikesdalsvatnet igjen!



Nede ved vatnet var vi begge så svette og gjørmete at vi tok oss ein kjapt bad, nokon meir under tvang enn andre!


Her er ca. rute, raud opp, grønn langs ryggen ned til stien igjen.




Kommentarer