Hyttetur i Isfjordsfjella

I Rauma er det mange opne hytter i fjellheimen, flesteparten eigd av fjellstyrer. I august tok eg ein liten rundtur for å besøke nokon av desse hyttene. Planen for helga var å kome meg opp på Kvanndalshøin som ligg sør for Middagsfjellvatnet.

Frå starten heilt innst i Erstaddalen i Isfjorden sette eg kursen inn Saufonngrova mot Saufonnholet. Opp Saufonnholet er det innimellom svært bratt, men det er lagt ut kjetting og ein liten stige på dei brattaste partia. Nesten som ein liten via ferrata!



Saufonnholet







I det det flatar ut kjem ein til Saufonnhyttene. Den eine er gamal og er mest ei dagsbesøk-hytte, den andre er ei nyare fin hytte med sengeplass til 6-8 personar. I tillegg er det naust med båt og fiskeutstyr.
Saufonnhyttene

Frå Saufonnhyttene følgde eg stien vidare til Middagsfjellhytta. Den går på høgre side av vatnet. Etter 150 høgdemeter og ein halvtimes gange kjem Middagsfjellvatnet, Middagsfjellhytta og Vengetindane fram. For eit syn!



Middagsfjellhytta vart min heim for natta, ei nøktern og koseleg hytte med storslagen utsikt.



Hytta har den mest originale utedoen eg har sett! Var ikkje større plass enn kva det var behov for!



Eg fekk fart på vedovnen og laga middag. Fint å sjå på Vengetindane medan eg åt.





Etter middag hadde eg bestemt meg for å prøve fiskelukka. Eg prøvde både langs land og i båt, med mark og med sluk, men ingen beit på kroken. Men det var ein nydeleg kveld!





Vengetindane
Det er utruleg koseleg når hausten kjem og ein kan tenne på talglysa. Ovnen var av det effektive slaget, så plutseleg vart det så varmt at eg berre måtte ut å ha frisk luft!!


Gjennom natta tok vinden seg opp, og eg vakna mange gonger av at vinden tok i hytta. Dagen etter var planen og gå opp nordryggen på Kvanndalshøin, men det var så mykje vind at eg droppa den planen. I staden gjekk eg ein tur til Middagsfjellet.



Etter 10-15 minutt kom også Kvanndalstind til syne.





Tilbake ved Middagsfjellhytta pakka eg sekken og sette kursen tilbake mot Saufonnhytta. Derifrå Gjekk eg over til Grøttavassbu, også ei av dei opne hyttene til Hen fjellstyre. Det var surt og kaldt så godt å kome inn for å ete lunsj.



Etter lunsj var det klart for siste etappe. Først fram til Glutterstauå, ei kjempelita hytte som ligg frampå kanten av Gluterholet.





Ned Gluterholet er det bratt, men langt i frå så bratt og utsatt som Saufonnholet. Det er berre å krysse seg nedover på fin sti, og heldigvis ganske lite urd. Etter mykje bremsing var det kjempegodt å kome seg ned til ein flat skogsveg, kor eg kunne labbe tilbake til bilen.

Gluterholet

Ein fin tur i eit nytt område. Eg skal definitivt tilbake, og det er supert at ein kan bruke desse opne hyttene for ein billig penge. Meir info om hyttene finn ein på romsdal.com/aktiviteter/hytter eller på Hen fjellstyre si facebook-side. 








Kommentarer