Panoramajakta held fram; Næremstindan 1164

For eit par veker siden prøvde eg meg på Næremstindan. Då var planen å gå traversen mellom dei to toppane på 1111 moh oh 1164 moh. Då vart eg stoppa av ein stygg og stor hammar som eg ikkje fann vegen over...Så idag har eg vore tilbake for å gjere meg ferdig med Næremstindan! Denne gongen starta eg nede ved Dalelva som renn langs vegen til Kjersemsetra.

Følgde skogsveg eit lite stykke før det barst rett til værs! Ingen tydeleg sti oppover lia, men fann ein del dyretråkk som eg kunne følge store delar av vegen. Oppe på ca 500 moh sikta eg meg inn på ryggen vest for toppen av Næremstindan. Det er berre to ting å seie om dei neste 600 høgdemetra - bratt og tungt!

Rett under toppen








 

Rett før motbakken tek slutt.
Etter mykje pust og pes var eg endeleg oppe på ryggen, så var det berre å følge ryggen til topps.

Første varden, med utsikt til Høgsvora.
Det er lett å bli lura av kva som eigentleg er toppen. I det eg kom opp ryggen møtte eg ein stor varde, ikkje toppen, så vidare langs eggen mot ein varde eit stykke unna, som heller ikkje er toppen. Midt i mellom desse to passerer ein over ein liten tupp, som faktisk er toppen!

Høgste punkt er knasten i forkant av bildet. Lengst bak ser ein Næremstindan 1111 moh.
Endeleg oppe så var det tid for matpause, solings og nyting av utsikta. Eg tok ikkje same rute tilbake. Sette kursen rett ned og kryssa meg langs lyngrabbar og urd tilbake til der eg kom opp. Det er utruleg fint her i godteskåla vår!

Molde i sikte.

Svartvasstinden i sikte
Havskodda låg utafor og sneik seg inn mot Ålesund

Blåne på blåne!

Brurefølgjet
Kvitknyken og Lauparen
Vengetindan i det fjerne


Panoramatopp nr. 129 i boks!

Kommentarer