Rett før helga var turen komen til å besøke den høgaste fjelltoppen i Tingvoll kommune, Smisetnebba, og naboen Inste Nonshaugen. Eg køyrde til Meisingset og tok av mot Rotås. Etter nokre km tok eg av opp mot Hafstadvatnet, kor eg køyrde heilt til eg kom til eit stikk-ut skilt for Smisetnebba. Her var det bra med parkeringsplassar. Så var det å følge grusveg ein knapp km, før det bars opp mot Kvilhaugen på veldig tydeleg og fin sti. Og, det var blåbær overalt!!
Vel oppe på Kvilhaugen vart stien litt dårlegare, og litt vanskelegare å finne, men eg sette kursen rett opp gjennom myr og anna djevelskap og sikta meg inn på skaret mellom Ytre Nonshaugen og Dauen. Var utruleg godt å komme opp dit og kunne gå i litt tørrare og hardare terreng, hadde lagt igjen mange krefter i myr og lyng lengre nede. Så var det berre å følge den breie og fine ryggen, først opp mot Dauen, så til Inste Nonshaugen og så over til Smisetnebba. Langs heile ryggen var det kjempeutsikt mot Trollheimen, Nordmøre og Romsdalsfjella. Etter ein liten stopp på toppen, var det berre å ta same veg ned igjen.
Panoramatopp nr. 98 og 99 kan kryssast ut.
|
Mot Dauen, Inste Nonshaugen og Smisetnebba |
|
Frå Kvilhaugen |
|
Mykje godsaker å finne! |
|
Mot Hafstadvatnet |
|
Mot Indre Nordmøre |
|
På toppen av Inste Nonshaugen |
|
Mot Smisetnebba |
|
Smisetnebba og Flåbebba |
|
Hol i fjellet! |
|
På toppen! |
|
På toppen av Smisetnebba, med Flånebba i bakgrunnen |
|
Mykje stein.... |
Kommentarer
Legg inn en kommentar