Lofoten del 6: Glomtinden 419 moh, Kabelvåg

Siste fjelltur i Lofoten vart tur til Glomtinden saman med mamma og Kåre. Dei var kome oppover til barnedåpen vi alle skulle i, og måtte luftast etter ein lang biltur.

Glomtinden ligg vest for Kabelvåg, på vegen til Henningsvær. Kort tur med fantastisk utsikt mot Kabelvåg og Svolvær og mot Vågakallen, eit kjent klatrefjell i Lofoten.

Kåre tok teten!

God stemning på veg opp!

Pust i bakken med utsikt til Kabelvåg og Lille Molla.

Glomtinden til høgre.

Vindfullt og småkaldt, men god stemning av dei som kom på toppen!
Kabelvåg i det fjerne, Vågakallen til høgre.
Vågakallen
Kart over turen:









Kommentarer