Innlegg

Panoramajakta held fram; Skardfjellet Nord 1568 moh, Trollstigen

Bilde
Etter ein dag med sprutregn, letta det utover dagen og eg bestemte meg for å tru på yr som meldte finver dagen etter. Så da var det opp til Alnesreset og parkere bobilen og vente på morgondagen. Det vart ein nydeleg kveld! Kongen og Bispen i solnedgang Morgonen etter vakna eg til blå himmel med lett slør og sol, så det var berre å pakke sekken og kome seg avgarde. Første etappe var opp til skaret mellom dei to toppane på Skardfjellenden, så vidare mot Børa i litt slakare men småkupert terreng. Da var det på tide med ein kaffekopp i sola og med storslagen utsikt til. Utsikt frå Børa Etter kaffepausen sette eg kursen vidare mot ryggen eg skulle opp, til venstre på bildet under. I nedre del var ryggen var det stor blokkstein eg måtte forsere, så det gjekk ikkje akkurat oppover i full fart. Men parti med artig klyving før eg kom opp til den første litje fortoppen.  Starten av ryggen Breitind dukka opp Etterkvart som eg kom oppover vart ...

Kløvstien på sykkel

Bilde
Kløvstien, som går frå Isterdalen og til Trollstigen er ein kjempefin fottur. Gjekk den for nokre år sidan, omtale av turen finn du her . Forrige veke sykla eg halvparten av den, ein kjempeartig sykkeltur under Bispen, Kongen og Dronninga. Du finn også meir om kløvstien på morotur.no . Istra med Stigbotthornet bak Bispen og Kongen

Panoramajakta held fram; Titindan 1460 moh og 1422 moh, Trollstigen, Rauma

Bilde
Ferien har vore rett så nitrist vermessig sett, så eg har vore ein over snittet ivrig besøkande på yr.no i håp om betre tider. Plutseleg såg det ikkje så verst ut ei vekes tid, så eg pakka inn i den lånte bobilen og sette kursen mot Trollstigen. Det var alt anna enn fint ver den kvelden eg kom opp dit med grauttjukk skodde og pissregn. Men utover kvelden lysna det opp og eg fekk trua. Og gjett om det vart fint ver! Eg vakna til ein strålande morgon på Alnesreset, Sol frå blå himmel og 5 plussgrader. Dagens mål var Titindan som ligg i "Finnan-massivet", mellom sjølve Finnan og Kongen og Dronninga. Her er kart over ruta: Det er ein forholdsvis kort tur og ei enkel rute. Start er parkeringsplassen på Trollstigen, så langs sti opp til Bispevatnet. Bispevatnet Turen vidare går langs vatnet og den merka stien til Bispen og Kongen. I det stien til Kongen og Bispen begynner å svinge inn mot skaret mellom dei to, så skal ein setje kurs rett fram og inn mot sk...

Panoramajakta held fram; sommarskitur til Rangåhøgda 1768 moh, Sandgrovbotn

Bilde
Vakna til grauttjukk skodde, men såg at sola ikkje var så langt unna, og kunne nyte ein kaffekopp medan eg venta. Det vart ein nydeleg morgon! Dagens turmål til venstre Gårsdagens topp - Sandgrovegga Dagens plan var skitur til Rangåhøgda, og etter ein betre frokost pakka eg saman og køyrde vidare innover dalen. Før eg starta turen køyrde eg vegen til endes for å sjå innover Mardalsbotnen. Mardalsbotnen Frå vegen tok det meg 25 minutt med skia på sekken i flatt terreng før eg fann skiføre. Da var det berre å sette igjen joggeskoa og på med skiskoa. Rangåhøgda er fjellet til venstre, til høgre er ein av fire toppar med namnet Midthøin. Under er ruta mi innteikna. Første stigning unnagjort. Det hadde vore folk her nokre dagar før meg, så svake skispor var synlege. Men uansett om eg hadde spor å gå etter, så gav ruta seg sjølv, ikkje mogleg å gå feil her. Det var skikkeleg shortsføre og for min del årets første (og siste?) sommarskitur!?!...