Nuglefestival 2017 - Isfjordseggen

I starten av september var det klart for årets nuglefestival, og destinasjonen var Rauma. 


I nydeleg og varmt haustver starta vi på turen frå Øvre Kavli i retning Loftskarsetra og inn dalen retning Måsskardet. 




Litt før skardet tok vi av oppover mot Loftskartind. Det er ein lang bratt bakke, så pumpa fekk fart på seg der vi kryssa oss oppover. Svolten begynte også å melde seg, så i det vi kom oss over kanten var det matpause som stod i hauet på alle. Rett under toppen står steinhytta «Vår», og der var det perfekt å ta matpause og nyte den fantastiske utsikta. «Alle» majestetane er i synsfeltet.






Steinhytta "Vår"


Eg har berre vore på Loftskartind på vinterstid, så artig å sjå korleis det er der på sommerføre. Har også overnatta i hytta to gonger på vinterstid, og har fått oppleve eit par nydelige soloppgangar der. Kan lese om ein av desse her.


Etter mat og skitprat gjekk turen vidare over Isfjordseggen til Galtåtind. Aldeles nydeleg tur, på fotføre er det ingen bratte eller ekle parti, og turen er heller ikkje lang. Men, det var så mange fotopausar at vi brukte lang tid!! 

Loftskartind


Utsikt mot Ljøsadalen 


På Galtåtind
God stemning!!

Det var også heilt greit at vi totalt på turen berre møtte 6 stykk. På motsatt side av dalen gjekk folk i kø på Romsdalseggen. Etter mi meining er denne turen nesten like fin, einaste forskjellen er at ein ikkje ser ned i Romsdalen og rett over på Trollveggen. Tippar denne turen blir meir populær etter kvar.





Like fin sommar som vinter













Vi passerte Galtåtind i godt driv og sette snuten mot Snortungen. Frå Snortungen og retning Breivikskardet er det ein dryg måle. Det er haug på haug nedover. Vi mista stien, om den var der... når vi kom ned til lyngområda. Men etter litt knoting fann vi vegen ned til Breiviksetra. Derifrå omlag 400 høgdemeter bremsing…


Turen bør definitivt bli gått den retninga vi gjorde det. For det første er bakkane brattar, men kortare. Det er langdrygt opp frå Breivika til Snortungen. For det andre går ein og ser på alle fjella heile turen, i staden for å ha dei i ryggen. Vi sette igjen ein bil i Brevika, fin parkeringsplass og skilting, så køyrde vi til Øvre Kavli og parkerte der. Bomveg, 50 kroner cash eller vipps. 

Etter ein tur på butikken sette vi kursen mot Innfjorden og Lensmannsgarden, kor vi hadde leid eit lite hus for natta. Etter den lange turen var vi svoltne, og vi hyva oss over kjøkkentenesta. Til slutt kunne vi kose oss med hjort- og elgbiff med ovnsstekte potetar, kremet spinatsalat og ovnsbakte tomatar. Vi toppa det heile med moltekrem og sjokolademousse til dessert. Like viktig som ein fin tur er god mat og drikke. Og det kan vi!!



Etter ei god natts søvn og ein betre frukost, var det oppbruddets time. Alle med unntak av meg skulle sette snuten heimover. Eg hadde så klart eit panoramaprosjekt på gang…

Eg går ofte på tur på eigahand og det er utruleg kjekt å dele slike opplevingar med gode venninner. Tusen takk for nok ein vellukka festival damer, gler meg allereie til neste års jubileumsfestival!

Kart over turen:



Kommentarer

  1. Hei, du bruker å legge ut så fine kart over ruta du/dere bruker å gå, kan du gjøre det her å. Takk.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Legg inn kart i artikkelen om ikkje lenge!

      Slett

Legg inn en kommentar