Innlegg

Nuglefestival 2017 - Isfjordseggen

Bilde
I starten av september var det klart for årets nuglefestival, og destinasjonen var Rauma.  I nydeleg og varmt haustver starta vi på turen frå Øvre Kavli i retning Loftskarsetra og inn dalen retning Måsskardet.  Litt før skardet tok vi av oppover mot Loftskartind. Det er ein lang bratt bakke, så pumpa fekk fart på seg der vi kryssa oss oppover. Svolten begynte også å melde seg, så i det vi kom oss over kanten var det matpause som stod i hauet på alle. Rett under toppen står steinhytta «Vår», og der var det perfekt å ta matpause og nyte den fantastiske utsikta. «Alle» majestetane er i synsfeltet. Steinhytta "Vår" Eg har berre vore på Loftskartind på vinterstid, så artig å sjå korleis det er der på sommerføre. Har også overnatta i hytta to gonger på vinterstid, og har fått oppleve eit par nydelige soloppgangar der. Kan lese om ein av desse her. Etter mat og skitprat gjekk turen vidare over Isfjordseggen til Galtåtind....

Panoramajakta held fram; med blytung ryggsekk, luksus og telt frå Sandgrovbotn

Bilde
Panoramajakta tek meg til mange rare stader, og nokon fjell tek det lengre tid å kome seg til enn andre. Iallefall når ein i tillegg legg opp til ein lengre rundtur med sekken full av luksusvarer ;-) I slutten av august var det knallver, og eg hadde fått med Benthe på ein 3 døgns rundtur med utgangspunkt i Sandgrovbotn. Parkerte bilen ved ei lita hytte ved vatn 1049 moh, nokre få km frå enden av vegen i Mardalsbotnen.  Sekkane var blytunge, turutstyr, klede og mat og drikke for 3 døgn fyller fort opp sekken. Trur mange hadde droppa ein del av innhaldet, men av og til skal ein dra med litt luksus og verkeleg kose seg.  Vi sette kursen inn Grønbotnen. Drygt stykke utan særleg stigning. Dalen fører rett til kanten av Romsdalen, men vi svinga mot høgre då vi kom til den opne hytta i Grønbotnen. Her var det folk, ikkje rart når reinsjakta akkurat hadde starta. Etter hytta er det kupert terreng fram til det heller nedover mot Rangåvatnet. Fint terreng så langt....