Innlegg

Ymseposten

Bilde
Har skjedd litt anna enn fjellturar i det siste også! Kajakk, soling og Harry Hole på Moldivene Sykkeltur i Moldemarka Besøkt desse to på Grøa Vore på nokre fotballkampar

Panoramajakta held fram - Inste Nonshaugen og Smisetnebba

Bilde
Rett før helga var turen komen til å besøke den høgaste fjelltoppen i Tingvoll kommune, Smisetnebba, og naboen Inste Nonshaugen. Eg køyrde til Meisingset og tok av mot Rotås. Etter nokre km tok eg av opp mot Hafstadvatnet, kor eg køyrde heilt til eg kom til eit stikk-ut skilt for Smisetnebba. Her var det bra med parkeringsplassar. Så var det å følge grusveg ein knapp km, før det bars opp mot Kvilhaugen på veldig tydeleg og fin sti. Og, det var blåbær overalt!! Vel oppe på Kvilhaugen vart stien litt dårlegare, og litt vanskelegare å finne, men eg sette kursen rett opp gjennom myr og anna djevelskap og sikta meg inn på skaret mellom Ytre Nonshaugen og Dauen. Var utruleg godt å komme opp dit og kunne gå i litt tørrare og hardare terreng, hadde lagt igjen mange krefter i myr og lyng lengre nede. Så var det berre å følge den breie og fine ryggen, først opp mot Dauen, så til Inste Nonshaugen og så over til Smisetnebba. Langs heile ryggen var det kjempeutsikt mot Trollheimen, Nordmøre og ...

Panoramajakt i grauttjukk skodde - Gamlemsveten og Nordre Smørhylla

Bilde
Forrige veke tok eg turen til Søvik for å sykle opp på Gamlemsveten. I sykkelboka til Iver Gjelsteinli står turen omtalt som BLYTUNG, og det kan eg skrive under på....det startar RETT PÅ motbakke, og den blir berre brattare og brattare jo lengre opp du kjem...maks helning på motbakken var 22,4 %....måtte trille sykkelen gitt! I tillegg var det grauttjukk skodde så eg såg ingenting på turen. På toppen kunne eg skimte omrisset av den store tv-sendaren som står der! Men panoramatopp er panoramatopp, dette vart nr 96! Etter turen til Gamlemsveten sette eg kursen mot Ørskogfjellet og den store parkerings/rasteplassen der oppe. Heiv meg på sykkelen igjen og sykla inn til Måslia. Der var det å montere på joggeskoa og turen heldte fram inn til Jutevatnet, langs vatnet og opp i skaret mellom Nordre og Søndre Smørhylla. Først til den nordre toppen, og så over eggen til den søndre, før eg sette kursen rett ned mot Jutevatnet igjen. Her var skodda nok ein gong ganske så tjuk...

Panoramajakta held fram - Storhaugen 769 moh, Fiksdal

Bilde
Eg og Tonje tok ein ettermiddagstur til Fiksdalen forrige veke for å gå tur til Storhaugen 769 moh. Det var meldt store nedbørsmengder og fare for lyn og torden, men vi tok sjansen og køyrde til Fiksdal Stadion der starten av turen var. Oppover lia var det relativt lettgått, med sauestiar på kryss og tvers. Ovanfor skogen var det å følge sti til topps. Det var ikkje direkte koseleg ver når vi kom opp på toppen, så det var berre å få på seg regnjakka og sette kursen ned. Nokre minutt seinare kom regnet....har aldri sett så store regndråpar før!! Men det varte berre 10 minutt. Vel nede ved bilen igjen var vi einige i at det hadde vore ein grei treningstur, men fjellet fristar ikkje til gjentaking. Kan krysse ut panoramatopp nr. 95. Takk for turen Tonje! Her finn du GPS-fila frå turen: http://gps.motionx.com/maps/e7c0dd928b7de83881a0a203d8215f30

SUP på Batnfjorden

Bilde
Ute med SUP-brettet på Batnfjorden ein nydeleg søndagsmorgon!

Harstadfjellet, Batnfjorden

Bilde
Oppvakse i Batnfjorden så må ein ha vore på Harstadfjellet. På trass av dette hadde Tonje enda ikkje sett sin fot der, så det var på tide å ta turen. Vi la i veg frå Solsida med godt mot og i godt ver. Turen opp gjekk radigt, men trur du ikkje skodda kom dundrande akkurat i det vi kom opp på toppen. Det var ikkje lange tida vi rakk å nyte utsikta, men vi fekk sett litt! Kjempefin tur! Takk for turen damer!