British Columbia - Vancouver og Whistler
Eg har akkurat kome heim etter ei veke i Canada på studietur med NCE Tourism Fjord Norway, kor målet var å sjå på heilskapleg og heilårleg reiselivsutvikling. Vi var ei fin gruppe på 17 stykk som sette oss på flyet i Bergen mandag 3 sept. alt for tidleg. Så var det til Amsterdam før vi sette oss på flyet til Vancouver. Eg søv ikkje særleg godt på fly, så var lettare rundtspella då vi landa med 9 timar tidsforskjell. Etter litt byvandring, var vi klar for middag på Granville Island, ein av dei store turistattraksjonane i Vancouver. Tirsdag var vi før lunsj på guida tur til Museum of Antropology, kor vi fekk eit interessant innblikk i kulturen til First Nation, folk av indianaropphav. Etter lunsj var det møte med dei regionale reiselivsstyresmaktene. Onsdag var vi klar for å forflytte oss til Whistler, og på vegen opp dit var vi innom Squamish og Squamish Adventure Centre og West Coast Railway Heritage Park, før vi kom til Whistler. Torsdag var det møter med mellom ann...