Har i lengre tid tenkt meg ein tur på Luten, det er det einaste fjellet, saman med Skredfjellet, mellom julsundet og Gjemnes eg ikkje har vore på. Så i dag vart det betre og betre ver utover dagen, så eg pakka sekken og heiv meg rundt. Starta frå Rødalen i Fræna, og første etappe var inn til Rødalsetra. Derifrå fulgte ei "dryg" strekning opp gjennom Trondalen til Trondalsvatnet. Derifrå var det "rett opp" mot Bjørndalsskaret og derretter langs ryggen opp til Luten.
Sjelden har middagen smaka så godt som på toppen av Luten! Etter pasta bolognese i ein pose tilsett vatn, tok eg ei lita middagskvil før eg heldte fram turen over Heklatindane og ned igjen til Trondalsvatnet. Med høg hastigheit på føtn på returen, rakk eg også dei siste 20 min av kampen mellom Molde og VIF. Fin avslutning på helga!
Kart finn
du her
 |
Rødalsetra |
 |
Trondalen |
 |
Inni skodda ligg Heklatindan til venstre og Luten til høgre... |
 |
"Baksida" av Kvannfjellet |
 |
Heklatindan |
 |
Siste innspurt, ryggen opp mot Luten |
 |
Utsikt frå Luten mot Averøya og Kornstadfjorden |
 |
Utsikt mot Malmefjorden, Jendemsfjellet og Nordøyane |
 |
Heilt OK utsikt når ein skal ete middag!! |
 |
Bjørnen, Butippen og Urdfjellet, Moldefjorden til venstre |
 |
Flotte farger! |
 |
Utsikt mot Eide |
 |
Ned frå Luten, utsikt mot Tussan |
 |
Heklatindan |
 |
Kveldssol på Bjørnen |
 |
Luten til høgre og heklatindane i midta |
 |
Kveldssol på RØdalssetra |
Kommentarer
Legg inn en kommentar