Lofoten del 4: Henningsvær i regn

Eg var heldig og fekk berre ein skikkeleg regndag på heile turen. Den dagen vart brukt til bilkjøring og lufting i Henningsvær. Henningsvær er eit lite og sjarmerande fiskevær som ligg på nokre holmar på sørsida av Austvågøya.

Henningsvær er viden kjent for sine gode kanelbollar som du får kjøpt på Lysstøperiet. Eg var så klart innom!










Kommentarer