Skarven og Loftskardtind, Isfjorden

Idag hadde eg tenkt meg til Klauva i Isfjorden. Starta med friskt mot frå parkeringa og måtte fort bli kvitt nokre klesplagg, var som å vere på grillen opp lia mot Loftskardsetra....Etter å ha passert setra auka vinden på, og oppe i skaret mellom Skarven og Søre Klauva var det ganske så frisk vind, og snøfokken stod av fjelltoppane i rundt, og spesielt på Klauva. Eg tenkte at det skal jo vere litt kos dette også, så eg var ikkje interessert i å klore meg faste med hend, føt og tenner for å karre til meg ein ny panoramatopp. Så derfor gjekk eg opp på Skarven, og kjørte ned på nordsida, mot Svartevatnet og Loftskardet. Brukbare skiforhold, men ein del fokksnø/kartong. Rann så langt eg kunne før eg måtte ta på fellene og gå opp mot Loftskardet.

Det var jo framleis tidleg dag og eg såg ingen grunn til å styrte heim, så eg sette kursen opp lia mot Loftskardtind. Der oppe var det også ganske så frisk vind, så eg droppa ideen om å gå traversen over til Galtåtind. Etter ein liten tur inn i steinhytta Vår, sette eg kursen ned igjen og tok siste soløkta i ein hyttevegg på Loftskardsetra før eg sette kursen heim.

Føret på turen var veldig varierande, påfrose spor tidleg på morgonen, tendensar til bakglatt(!), mykje fokksnø, nokre meter med pudder, solpåvirka, blaut og tung snø og til slutt sugeføre...det var rett i boden for gliding av ski når eg kom heim!



Heilt grei lunsjutsikt!!

"....når det blæs som værst på toppan, da ska galskapen få rå...."

Majestetiske Vengetindar

Nyt utsikta frå Skarven i le for varden


Råkk og fåkk!


Loftskardtind
Utsikta frå Loftskardet
Søre Klauva til venstre og Skarven


Inne i steinhytta Vår

Steinhytta Vår, rett under toppen av Loftskardtind

Mange tura på gang her!!

På grillen på Loftskardsetra



Kommentarer