I helga har eg vore på hyttetur i Grødalen saman med Emil, Sigve, Sigurd, Thea og Ane. Emil skulle arbeide på den gamle seterbua og eg vart med som kjøkkensjef og barne"passar". I Grødalen er det ikkje mobildekning, ikkje eingong gps-signala kom ned mellom fjella, så det vart eit par dagar utan kontakt med omverdenen. Vi var alle einige om at det gikk heilt fint å ikkje vere på facebook og instagram, men vi savna litt moglegheitar for å sjekke værmeldinga. Hadde stadig eit håp om betring, men veret heldt seg stabilt kaldt og vått!
Tusen takk for turen folkens, blir gjerne med igjen!!
 |
Ved godt mot etter den tunge starten. |
 |
Plutselig kom vi over eit busstopp oppi lia, men ingen timeekspress! |
 |
Pannekake er godsaker på fjellet. |
 |
Kveldskos |
 |
Det vart spella idiot |
 |
Innskriving i "manntalet". |
 |
Ved Prestsetra i Grødalen. |
 |
Oppvaskgjengen! |
Kommentarer
Legg inn en kommentar