Panoramajakta held fram - Finnan 1639 moh

Endeleg kom finveret og moglegheiter for fjellturar! Etter ei veke med drittver, lågt skydekke og tilhørande dårleg humør slo vermeldinga til og finveret kom. Eg sette kursen mot Trollstigen og hadde blinka meg ut minst ein, kanskje fleire toppar i området mellomt Trollstigen og Innfjorden.

Første mål var Bispevatnet og inn mot skardet mellom Bispen og Kongen. Runda botnen under Kongen og sette kursen mot den markerte sør-austlege ryggen av Bispen 1639. Eggen var for det meste grei å gå, men bratt, tidvis laust fjell og nokre luftig passasjar. Men eg kom meg opp og kunne nyte ei storslagen utsikt til matpakka. Planen var å gå ned den nordlege ryggen mot Grytåskaret for ta med FInnan 1460 moh oh Titinden 1422, for så å returnere til Bispevatnet. Men eg vurderte ryggen til å vere i det luftigaste laget, fann liksom ingen grei veg inn på den. Trur den hadde vore gangbar om eg hadde kome meg over starten. Men utan noko anna sikringsmiddel enn eigne hender og føt, så returnerte eg same veg som eg kom. Brukte LANG tid ned igjen, slike bratte eggar er mykje betre i motbakke!! Men kom meg ned, og konkluderte med at eg hadde hatt ein flott dag på fjellet!!

Har hatt oppteljing i talet på panoramatoppar, og dette var topp nr. 86.


Ved Bispevatnet, Bispen til Høgre og delar av Finnan til høgre

Midtveis på ryggen 


Mot Molde

Kongen

Finnan

Finnanbreen

Siste del av eggen

Toppflata

Seglskip på veg inn til Åndalsnes

Grei lunsjutsikt




Flott panoramautsikt












Kommentarer