Panoramajakta held fram, Skjerdingshalsen 801 moh, Husnakken 680 moh, Byrkjevollhornet 708 moh og Blåskjerdingen 1069 moh.

I går var det endeleg tid for ei panoramajakt igjen. Turen gjekk til Rekdalssetra kor eg sette kursen mot skjerdings-massivet. Første "topp" var Husnakken, som berre er eit punkt på ein rygg, men som er ein topp i Moldepanoramaet. Deretter sette eg kursen mot Skjerdingshalsen før eg tok fatt på ryggen opp mot Blåskjerdingen. Blåskjerdingen har to toppar, den høgaste toppen har eg ikkje vore på før. Etter gange i fin ur stod eg plutseleg på toppen av det høgaste fjellet i Haram kommune. Her kunne eg nyte utsikta og matpakka før eg sette snuten ned igjen.

Var veldig usikker på om eg skulle ta Byrkjevollhornet, då det begynte å bli seint på dag og matpakka var litt for lita. Men då eg kom ned under Skjerdingshalsen igjen bestemte eg med for eit skikkeleg raid. La igjen ryggsekken og la i veg i fullt firsprang på ein drøye 4 km omveg (tur-retur). Var passe gåen då eg kom tilbake til ryggsekken igjen, men da var det heldigvis berre nedover og flatt heile vegen tilbake til bilen.

Det vart fire panoramatoppar, og totalt har eg no vore på 83 toppar!

Ein fin tur, med fantastisk utsikt frå toppen!

Tverrlifossen, som kryssast på turen.

Mot Byrkjevollhornet og nordøyane

Blåskjerdingen og Tindfjellet


Utsikt mot Molde



Begge toppane på Blåskjerdingen, 1062 moh og 1069 moh.


Dagens tredje panoramatopp!


Mot Ålesund og Runde


Byrkjevollhornet

Begge toppane og utsikt mot Molde

Frå Byrkjevollhornet mot Blåskjerdingen og Tindfjellet.

Veldig selskapssjuk velkomstkomite på Rekdalssetra når eg returnerte!


Fager kveldssol....

















Kommentarer