Bobilcamping volum 2

Forrige helg var det klart for bobilcamping volum 2, denne gong saman med Tonje.

Turen gjekk først til Viromdalen og planen var skitur til Kongens Krone. Vi la i veg med friskt mot oppover mot Viromsetra, med skia på sekken. Berre det å gå oppover lia her med utsikt til Innerdalstårnet på den eine sida og ei brusande stor elva på den andre sida, medan kvitveisen omtrent poppa opp rundt skoa våre var ei bra beholdning. Nesten oppe på Viromsetra såg vi at det hadde gått eit større sørpeskred i botnen mellom Tunge, Dronningkrona og Hesten, det frista ikkje akkurat å gå opp der. Rett etter møtte vi ein heller krass grunneigar som meinte det var tullfere å gå der, og at vi måtte passe oss for jerven....Dette måtte vi tygge på og tok oss ei lita matpause på Viromsetra medan vi studerte kartet. 












Konklusjonen vart at den alternative ruta ville bli for lang for oss, både pga. at vi ikkje hadde starta tidleg nok og at vi ikkje hadde med nok mat. Såg for oss beiting på lyngrabbane og bestemte oss for å snu. Vi hadde uansett fått ein kjempefin fottur opp til Virumsetra, og Kongens Krone står der for all framtid, vi kjem igjen!

Etter denne flotte turen gjekk bobilen vidare mot Oppdal, kor vi skulle besøke The Hollingsholms på spikertelt-campingen deira. I eit nydeleg ver vart det grilling og solings, som vart avslutta med Melodi Grand Prix (dog veldig hakkåt sending, noko som i følge onde tunger skuldast bobilen som stod parkert på yttersida.....hmmm). 




Dagen etter var minst like fin som den forrige, og vi starta dagen med solings før vi tok oss ein sykkeltur langs grusvegar og baksider sørvest for Oppdal sentrum.

Etter den nydelege sykkelturen vart det nok ein gong fyr på grillen, før vi sette snuten mot neste destinasjon, Eikesdalsvatnet. Vi ankom Øverås gamle fergekai i nydeleg kveldslys og blikkstille vatn. Det var berre å dra opp handbrekket og starte campinga!











Dagen etter stod sykkeltur på programmet. Vi køyrde ca 15 km innover mot Eikesdalen før vi sette oss på syklane og tok turen inn til Eikesdalen, opp heile dalen og dei to første svingane av Finsetlia før vi returnerte.








Vi var begge einige om at dette hadde vore ein kjempefin tur, og at bobillivet kan gjentakast!


Takk for turen!!

Kommentarer