17.mai - Fire fjelltoppar og ei grotte!



17.mai brukte eg dagen til fjells. Planen var å gå til Trollkirka i Fræna. Starta i overskya ver og litt vind, det såg ikkje ut til å bli ein skikkeleg finversdag. Etter ein times gange var eg ved Trollkirka, men pga. veldig stor vassføring i elva som renn gjennom grotta, så kom eg meg ikkje så veldig langt inn. Får ta det igjen til sommaren. Etter denne lille grotteturen hadde sola kome  fram og det vart skikkeleg sommarleg, det var behageleg i shortsen!! Etter ein betre lunsj gjekk turen vidare rett opp den bratte lia til toppen av Trolltindan 879 moh, og ei fantastisk utsikt over både romsdalen og nordmøre.

Frå Trolltindan gjekk turen vidare over den alpine eggen og opp igjen til Stordalstinden. Derifrå bar det vidare til Blåfjellet og Heldalstinden, før eg sette kursen ned mot bilvegen på Freneidet og tilbake til bilen igjen. Det vart ein veldig lang tur....men ein veldig fin tur!!

På veg opp lia til Trolltindan
Utsikt mot store delar av Fræna kommune




Mot Stordalstinden og Blåfjellet kor ruta gjekk vidare





Kommentarer