Panoramajakta held fram, Sandfjellet 903 moh og Brustind (Trolltind) 1170 moh

Idag var det nok ein finversdag, så avspaserte litt og hoppa på ferga over fjorden. Køyrde til Tomrefjorden, kor eg fulgte skiltinga til Setervegen, bomveg kr. 40. Då eg kom opp på det høgaste punktet på vegen, før den bikka ned mot Svartløken, parkerte eg på stor parkeringsplass. Derifrå fulgte eg blaut og tydeleg sti eit stykke, før eg kom opp på ryggen mot Sandfjellet kor stien var fast og fin. Etter ei kjapp matpause bak varden på Sandfjellet, fortsette eg over Sandfjellet og ned langs eggen mellom Sandfjellet og Brustind. Måtte ned litt over 100 hm før eg kunne begynne på den lange og tunge steinurda opp til toppen av Brustind. Men alt peset var glømt så fort eg såg toppvarden og kunne nyte utsikta! Det var veldig sterk vind heile turen, så det frista ikkje å sette seg ned for å nyte utsikta og ete maten, så det var berre å sette full gass heimover igjen.
Turen var estimert til 4 timar opp og 3 timar ned i Turboka for Molde og Omegn, men eg brukte totalt 4 timar frå start til slutt. Kartet viser kor eg gikk.


Svartløken

Næremstindane og Høgsvora





Tomrefjord

Kom over ei lita "hytte" rett under toppen!
Ystetind og Brustind







Aldeles nydeleg utsikt!












Geitemjølkstind, Sandfjellet og Storbua i det fjerne

Lauparen midt i bildet

Kommentarer