Panoramajakta held fram, Hoemstind 927 moh, Tresfjorden

ENDELEG kom det ein dag med fint ver igjen, og eg var rask med å pakke sekken og komme meg av garde.


















Det var på tide med litt panoramafangst igjen, over ein månad sidan forrige!!

Eg tok fergå over fjorden og køyrde til Daugstad, kor eg tok av mot Daugstadsetra (bomveg, kr. 40) og parkerte på første parkeringsplass på høgre side av vegen. Der var det skilta til mange turmål i området. Men eg hadde sett meg ut Hoemstind som dagens mål. Stien innover mot Hoemssetra var ganske så blaut til tider, så det var tungt å gå i myra...Men etter Hoemssetra var stien ganske så tørr og fin og føret vart straks betre. Ved ei lita tjønn tok eg meg ein lunsjrast og nytte livet. Det er berre fantastisk å vere på fjellet på hausten, med alle dei fine fargene og den klåre lufta. Etter litt mat tok eg fatt på neste etappe, opp på toppen. Frå Sylteskaret var det raudmerka sti, så ingen problem å finne fram.

Etter kvart som eg klatra oppover vart utsikta ganske så bra og det var eit flott rundskue eg kunne nyte frå toppen.

Her er ein liten film som viser utsikta 360 grader!

https://vimeo.com/49979928

Etter ein liten nytelivetpause gikk eg vidare over toppen og ned på nordsida, og deretter tilbake til Hoemssetra, kor eg fulgte stien tilbake til bilen.

Rett og slett ein nydeleg tur!!

Kart er her.

Utsikt mot Daugstadsetra og Sekken bak der!
Endeleg på fjelltur igjen!
Heilt OK lunsjutsikt!

Hausten er den finaste årstida på tur!
Neste turmål i sikte?? Næremstindane i det fjerne.

Sandfjellet speglar seg i 

Heimelaga muslibar og te - herrrlig lunsj!

Mot Blåfjellet


Næremstindane
Brurefjølgjet kom ut av skyene!
Storknubben/Sessknubben, Øspetind, Blåfjellet, Storbua, Sandfjellet, Geitemjølkstind
Utsikta frå toppen av Hoemstinden
Blåtinden, Midttind, Trolltinden, Svartevasstind, Prosten, Grøntind, Storknubben, Øspetind, Blåfjellet...
Perler på ei snor!
Ny panoramatopp i boks!!

Geitemjølkstind og Sandfjellet
Storknubben
Trolltinden, Svartevasstinden og Prosten
Tresfjord, mot Kjersemfjellet
Sandtinden, Sprovstind, Høgfjellet, Brustind, Ystetind, Remmenstind...mange fine turar!



Tresfjorden, Jendemsfjellet i det fjerne


Kommentarer