Nyheitind 1598 moh og Sjøvdøla 1719 moh - fantastisk dag på ski!

Har i mange år hatt lyst til å ta turen til Sjøvdøla på vårskitur, og idag vart det både Nyheitind og Sjøvdøla. Nyheitind måtte eg stikke innom, det er jo ein moldepanorama-topp!! Starta frå Meringdal tidleg på morgonen med skia på sekken og klatra sakte med sikkert oppover lia på fin sti. Først på ca 650 moh var det på med skia. Fint skiføre innover forbi Røndølskarvatnet og vidare opp mot vatn 1014. Deretter fulgte eg ryggen som fører opp til breen under Nyheitind og Sjøvdøla, og fortsatte rett fram og opp til Nyheitind. Fantastisk utsikt på toppen!!

Sette så kursen over breen og bort til "foten" av Sjøvdøla og tok dei siste 250 hm opp til toppen.
F A N T A S T I S K utsikt frå toppen - rett under eit blikkstille Eikesdalsvatn, utsikt heilt til Smøla og Snøhetta! I tillegg var det blikkstille og bikini-temperatur på heile turen...så ein smule raud enkelte plassar no...

Returen tok eg ned skaret til vatn 1014 før eg tok same veg som oppover.  Rett og slett ein fantastisk dag på fjellet!




















Kommentarer

Legg inn en kommentar