Kvassetind, 1376 moh, og Storbua, 1498 moh, Måndalen

Våkna opp i dag tidleg og forstod raskt at ein måtte vere effektiv på jobb, så ein så fort som råd kunne komme seg ut på skitur. Turen idag gikk til Kvassetind, 1376 moh, og nabotoppen Storbua, 1498 moh, i Måndalen.

Fin tur i kjempever med fantastiske fjell på alle kantar. Einaste minuset er at det er dørgande kjedelig å gå inn til Månvassetra før ein kan begynne å sluke høgdemeter...

Lånte eit par særs lette rando ski av Tonje, var så lette at eg ikkje merka dei var på! Skriv på ønskelista ;-)

Super start på helga!

utsikt frå toppen av Kvassetind mot Molde og Jendemsfjellet

Utsikt frå toppen av Kvassetind mot Måndalen og Isfjorden




Happy skier, med solbrilleskille!


Ved utløpet av Månvatnet, Trollvasstinden i bakgrunn



Storbua til venstre og Kvassetind til høgre


Sandtind og Geitmjølktind

På veg til Storbua etter Kvassetind (midt i bildet)

Sola var på meg når eg var på veg ned frå fjellet

Kommentarer