På tur i retning av Ystetind...

På laurdag var plana å komme seg til toppen av Ystetind, Vestnes. Med på turen var både ein heilt urutinert toppturgangar, fjellski, ein rusten, ein litt mindre rusten og ein lite rusten toppturentusiast. Med godt mot la vi i veg opp lia, men det viste seg etterkvart at det var ikkje mykje til skiføre å skryte av over skoggrensa...Derfor snudde vi litt under toppen av Båten, og for å sei det rett ut- skiføret var rævva! Med unntak av ca. 1 min kjøring akkurat i skoggrensa...Men, alle var einige i at det hadde vore ein fin tur og det blir nok fleire turar på denne gjengen utover vinteren!

Klikk på bilda for å sjå dei i stort format.

Alle foto: Kristin Stokke og underteikna.

















Kommentarer