Raudtua, 590 moh, Fræna

Vakna idag til nok ein nydeleg dag, sol og blå himmel. Det var berre å få på seg fjellskoa og pakke sekken og finne seg eit turmål. Bestemte meg for å ta turen til Raudtua i ytre Fræna. Fin tur på god sti med storslått utsikt i alle retningar. Sjølv om det var sol og knallblå himmel når eg starta, så kom skodda plutselig. Gjekk tre minutt frå eg såg ein skodde-dott over Skardsettinden og Skalten før eg var innhylla, så fikk og litt trolsk stemning på kjøpet. Turen anbefalast! Kart til turen finn du her.

Kommentarer