Innlegg

På toppen av Giske kommune - Storhornet 497 moh

Bilde
I går tok eg turen til Storhornet, så høgt du kjem i Giske kommune. Det er viktig å få med seg alle eksisterande kommunetoppar før kommunereformen!!! Det var veldig sur vind, så det var ikkje noko å sette seg ned etter. Får kome tilbake ein anna gong og verkeleg nyte utsikta. Kan sjå for meg at å overnatte der oppe under open himmel, få med seg solnedgang og soloppgang, må vere heilt fantastisk. Her er det storhavet neste! Det er god beskrivelse av turen på www.morotur.no. Halve Giske ligg i sola Alnes Flø til venstre i biletet Ålesund, Sukkertoppen til høgre. Storhornet til høgre

Årets første (og siste?) tur på skøyter på Røa?

Bilde
Perioden med barfrost og litt minusgrader var akkurat lang nok til at det også i år vart mogleg å gå på skøyter på Røa. I går tok Benthe og eg turen innover og fekk 12 km på skøyter i kjempeartig terreng!

Harstadfjellet og Stokknoken, Gjemnes

Bilde
Harstadfjellet og Stokknoken er to av mine favorittar. Harstadfjellet har eg bestandig teke frå Batnfjords-sida, så det var på tide å gå opp frå "baksida". Eg starta frå Krekvika, parkeringsplass med skilt til Krekvikdalen. Første delen av turen går på skogsveg, før det blir ein tur i jungelen! Fann ingen sti gjennom skogen, så var ganske letta når eg endeleg kom over skogen. Terrenget vidare var ganske så tungt; myr og mjuke tuer.... Eg sikta meg inn mot ryggen opp mot Harstadfjellet, og på tur oppover kom eg over ein god del molte, så det var berre å starte plukkinga. Haugevis av blåber var det også, det plukka eg på tur ned igjen. Utsikt frå Fræneide til Frei Pinnekjøtt! Melen og Stemshesten til venstre, Hustadvika rett fram. Ryggen oppover er ganske bratt, så høgdemetra går relativt fort, men pumpa får kjørt seg.. Eit fjell er så forskjellig alt etter kva veg ein tek opp, ein får sett alt frå ein anna vinkel, og får ei litt anna utsikt enn kva ein forbi...

Snøtinden 1027 moh, Gjemne/Eide

Bilde
Snøtinden, det høgste fjellet i Gjemnes og Eide, er ein av mine favorittar. Her er nokre bilete frå ein fin tur i sommar!