Innlegg

Panoramajakta held fram; Grånebba 1305 moh, Ålvundeid

Bilde
I februar var eg på Grånebba 1305 moh, mellom Ålvundeidet og Todalen. Eg starta turen opp skianlegget i Børsetlia, og følgde dalen innover Valsetbotn mot Kjerringvatnet. Derifrå austover mellom Viromkjerringa og Grånebba, før eg følgde ryggen opp mot Vardan/Alteret og tik topps på Grånebba. Kart og rute nederst. Det var ikkje akkurat supert skiføre, mykje fokksnø og parti med kartongføre. Men, kom meg opp og ned og kunne krysse ut panoramatopp nr. 165!

Panoramajakta held fram; Blåtinden 1338 moh, Liabygda

Bilde
Da vart det endeleg start på panoramajakta i 2016. Dagens turmål var Blåtinden i Liabygda. Starten av turen gjekk langs skogsveg opp til Lisetra, derifrå var det berre å følge open bjerkaskog opp til ryggen som fører opp til Liahornet. Ein typisk haug etter haug rygg...Det var tidvis ganske lite snø, vinden hadde tatt hardt enkelte stader. Oppe på Liahornet var det av med fellene og kjøre ca. 100 høgdemeter ned, før fellene kom på igjen. Først litt slakare terreng før det steig på opp på ryggen mot Blåtinden. Blåtinden er eigentleg tre "toppar", ryggen førte opp til Blåtinden Vest, før eg fulgte ryggen austover, over ein "topp" og vidare til Blåtinden 1338 moh. Da var det verkeleg på tide med ein rast, og det var nydeleg å sitte med matpakka i sol og vindstille på toppen, med utsikt mot Slogen, Stranda, starten på Geirangerfjorden, Eidsdal og Norddal. Det var så ymse med snø på vegen opp, så eg fann ut at eg skulle kjøre meir rett ned frå toppen først, før eg t...

Panoramajakta held fram; Hesten 1643 moh og Hesten 1650 moh, Rauma/Norddal

Bilde
For ein drøy månad sidan var eg på jakt etter to hestar! "Hestenmassivet"  består av tre toppar, den eine har eg tidlegare teke frå Innfjorden. For å sleppe å gå over denne igjen, bestemte eg meg for å ta dei to andre frå Nedstestølen, sjå kart nederst. Eg starta såpass langt ut på dagen, at eg skulle overnatte på turen. Nedstestølen Ein nydeleg haustdag Berilldalen var flott i nydelege haustfarger. Dalen er ganske slak og ein tek ganske få høgdemeter før ein nærmar seg slutten av dalen og startar oppstigninga mot Kula, 1127 moh.  Hesten 1634 i det fjerne Oppstigninga til Kula på ca. 400 høgdemeter er tung med sekk for overnatting på ryggen, men når ein får sjå morgondagens mål, så er det berre å sette den eine foten framom den andre og komme seg oppover.  Hesten 1634 moh i sikte Oppe ved Kula var det ikkje berre enkelt å finne ein teltplass, som både var flat og ikkje fullpakka av stein! Men etter sikkert 45 minutt leiting, så fann eg den e...