Innlegg

Panoramajakta held fram; Ytre og Indre Sula, Todalen, Surnadal

Bilde
I slutten av september sette eg kursen mot Todalen. Målet for turen var Ytre og Indre Sula.  Startstad for turen er rett før sentrum i Todalen. I det vegen kryssar ei bru, skal du ta av til venstre. Eg følgde grusveg eit par hundre meter og parkerte før ein bomveg starta. Den var ikkje open for almenn ferdsel.  Pakka sekken og sette kursen oppover lia. Ganske mange høgdemeter på kort tid, men skogsveg og sti heile vegen opp til Todalshaugsetra. Eg starta ganske seint på dag og det begynte å bli skymt. Etter å ha leita rundt ganske lenge fann eg ein flat og tørr plass som var akkurat like stor som teltet mitt. Det var mykje myr og unnabakke rundt setra.... Utsikt mot Vinnumassivet, Todalen i framkant Utsikt frå teltplassen Det har vorte haust, så kart må studerast med hauløkt på! Det var godt med vind heile natta og ikkje mindre på morgonen. Så det var berre å få på seg vindtette klede, pakke sekken og sette kursen oppover.  Det er lite med st...

Panoramajakta held fram; Skardfjellet 1723, Trollstigen

Bilde
Nokre turar kjem eg til å hugse meir enn andre. Denne er ein slik! Målet for turen var Skardfjellet 1723 moh. Starta frå Alnesreset i grauttjukk skodde, såg nesten ikkje til neste raud-merking. Yr meldte at skydekket skulle lette utover dagen, så satsa på at det skulle slå til. La avgarde oppover i skodda, og plutseleg så skjønte eg at det ikkje var lenge før eg var over skydekket. Skodda vart plutseleg ganske så tynn, og sola var på veg gjennom. Det var reint magisk! Frå Alnesreset er det raudmerka sti opp til Skarfjellenden. Oppe i skaret på ca. 1250 moh tek stien av til venstre og til toppen av fjellet. Eg sette kursen rett austover og mot ryggen som er starten på turen opp til Skardfjellet.  Etter mykje om og men fann eg endeleg ein liten "flat" plass til teltet mitt, som ikkje var blautmyr. Å nyte middagen i solnedgang er det ikkje mykje som slår! Vakna til ein nydeleg morgon, og etter frukost og kaffe var det berre å pakke...

Panoramajakta held fram; Skåla 863 moh, Daugstadsetra, Vestnes

Bilde
Panoramajakta tek ein mange plassar, nokon spenstige, nokon luftige, nokon lange turar, nokon flate turar, nokon du vil tilbake til og nokon du ikkje vil tilbake til. Nokon som er ein "jobb"! Skåla ved Daugstadsetra ein ein slik topp. Vi starta frå Daugstadsetra og sette kursen opp lia, kor det skulle vere ein sti...Såg ikkje mykje av den før vi kom på retur. Ovanfor skogen var det snaufjell, så vi berre gjekk rett mot toppen, som det var ganske så langt til i paddeflatt terreng. Allerede rett etter skoggrensa slo iallefall eg fast at etter mi meining var dette eit kjedeleg fjell! Men vi kom endeleg fram til toppen, kor det var stormfulle høyder, og fekk utsikt både mot aust og vest i Romsdalen.  Etter eit kort opphald bak eit par steinar på toppen, var det berre å kome seg ned igjen. Turen tok ca 2,5 time med moderat gange og det var 400 høgdemeter. Fornøgd med å ha panoramatopp nr 154 i boks, men eg tvilar på at eg kjem tilbake hit! Panoramatop...

Nuglefestivalen 2015

Bilde
Forrige helg gjekk årets Nuglefestival av stabelen! Dag 1 tok vi turen over Sandnestindan, 5 fjelltoppar som ligg på rekke og rad frå Fræna til Eide.  Trolltindan, Trolltindan Øst, Stordalstinden, Blåfjellet og Hældalstinden. Starten på turen er ved parkeringsplassen til Trollkirka.  Pikene på broen! God stemning i gjengen! Vi tok stien opp til Trollkirka kor det var på tide med matpause. Etter godt med påfyll var vi klar for neste etappe forbi Trolldalsvatna og opp til Trolltindan langs vest-ryggen. Eit lite blikk inn i Trollkirka Langs vestryggen opp mot Trolltindan Ryggen opp til toppen har nokre bratte parti, men det er fin sti og artige formasjonar på turen. Når vi kom opp på ryggen opna utsikta seg mot ytre delar av Fræna, Eide og Averøya.  Oppe på toppen er det 360 graders utsikt - det var fri sikt til dei høge fjella i Sunndalen, alle fjella i Romsdalen og heilt til Sunnmørsalpane.  På toppen av T...