Innlegg

Sesongstart med kajakken!

Bilde
I går var det sesongstart med kajakken. Rett og slett ein nydeleg ettermiddag på fjorden, Moldivene er eit padleparadis rett utafor byen!

Panoramajakta held fram, Månvasstinden 1468 moh, Måndalen

Bilde
Forrige søndag tok eg turen til Månvasstinden. Køyrde opp til Månvassetra i Måndalen på ca 400 moh. Så var det eit par hundre meter på føtn, før det var på med skia. Det var litt på og av skiføre til eg hadde passert Månvatnet. Derifrå og opp var det gode skiforhold. Gikk oppover til skaret mellom Kvassetind og Storbua, så over Storbua og til Månvasstinden. Starta turen i shorts og t-skjorte, men måtte på med ei tynn dunjakke på toppen. Etter å ha nytt utsikta ei stund, tok eg samme veg tilbake.  Det var fint føre øverst, men når eg kom ned mot skogen, så var det pillråtten skum-snø...Men men, ei fin tur og panoramatopp nr. 117 er i boks! Månvatnet Vårskitur Storbua, Kvassetind, Sandfjellet og Geitmjølkstind Storbua til venstre og Kvassetind til høgre Panorama frå Storbua På toppen av Månvasstind Trollvasstindan Mange fine toppar i sikte! På toppen av Månvasstinden Dyrdalstinden

Bomtur i Tresfjorden

Bilde
Forrige helg hadde eg tenkt meg å gå på Storlihornet, 995 moh, innerst i Tresfjorden. Køyrde heilt inn  i Øvstedalen og på bomveg siste stykket opp til Dalskleiva. Så var det med skia på sekken og opp den første stigninga, eit par hundre høgdemeter omtrent rett opp. Oppe på Dalskleiva blir ein møtt av eit fantastisk syn mot Litjeskorkja, Rollsbottskorkja, Overøyestolen, Kvassetind og Sandfjellet. Midt i dalføret ligg Storlihornet.  Eg sette kursen mot nordryggen, men fann ut etter 150 høgdemeter at det berre var å snu. Det var ikkje skiføre, ikkje fotføre, sank til opp på låra for kvart steg...Så da var det berre å snu og komme seg heim til solveggen. Men, fint var det!! Utsikt nedover Øvstedalen mot Tresfjorden Overøyestolen Opp mot Litjeskorkja Storlihornet Overøyestolen, Rollsbottskorkja og Litjeskorkja bak Kleivavatnet Highway to heaven??

Vakre kveldar på tenestereise på Nordmøre og i Romsdalen.

Bilde
Isfjorden Åndalsnes, Romsdalshorn og Trollveggen. Åfarnes Tidleg morgon i Molde Flånebba sett frå Øksendalen

Panoramajakta held fram: Storknubben, 1208 moh, og Søre Sessknubben, 1178 moh

Bilde
2. påskedag tok eg turen til Storknubben og Søre Sessknubben. Dette er eit fjell som ikkje så tek turen til sommar som vinter. Eg sette kursen mot Daugstadsetra (bomveg opp), på austsida av Tresfjorden. Parkerte bilen ved siste avkjørsel til høgre før vegen deler seg oppe på Daugstadsetra. Så var det å sette skia på sekken og ta på fjellskoa og gå i ca 25 min i blautmyr og snøflekker. Under den første skikkelige stigninga var det på med skia. Der hadde ikkje sola tatt så mykje, så det var ganske steinhardt. Men med frenetisk stålkantbruk så kom eg meg opp. Oppe på ca. 700 meter gjekk det svakt oppover til ca. 900 moh, så flata det ut oppover mot ca. 1050 moh. Det var skiføre omtrent heile vegen, men måtte av med skia litt innimellom. Derifrå steig det bratt oppover, og det var berre å krysse seg oppover. Dei siste 75-50 høgdemetra var det av med skia, og på med stegjern og isøks. Det var steinhard skare, men heldigvis hadde vore noko der før meg for ei stund sidan, så det var gjenbr...