Innlegg

Kvannfjellet - perfekt etter-jobb-fjell!

Bilde
Idag tok eg turen til Kvannfjellet etter jobb. Skiføret var overraskande bra, iallefall over skoggrensa. Det vart meir og meir kartongsnø nedover lia, og det var sikkert som å sjå ei kråke på ski der eg kryssa, svinga og hoppa meg nedover! Flott tur i fint ver, med ei flott utsikt! Skiføre (!!!) frå parkeringa 

Jentetur på Venabygdsfjellet!

Bilde
Tilbake på Venabygdsfjellet denne helga også, denne gongen jentetur! Ei flott helg med skitprat, quiz, skitur, høgfjellsluft, rådyrlår og rødvin, utedass og høge brøytekantar!! Takk for ei flott helg Tonje og Benthe! Herlig med ei helg utan innlagt strøm og vatn! Flott skitur- løyper i alle retningar! Slike brøytekantar har ikkje eg sett på fleire år! Dokumentasjon er viktig! Trikkeskinner Team Nerli-Der under Tour de Venabygdsfjellet Vi ramla innom NM i hundekjøring, vurderte å finne ein kjøter og delta!!! Muen i det fjerne Opplæring på sosiale media under lunsjen Kaffemat! Utedass har sin sjarm!! Rådyrlår på laurdagskvelden- nam nam nam Dessert Godt med snø ja! Helgas residens! Takk for denne gongen!

Pudder og rando-endelig!

Bilde
Dei siste dagane har det endeleg kome litt snø, og det har vore skikkelig pudderføre på Tusten. Så det var berre å ta på skia og gå til topps!

Forsinka vinterferie- Kvitfjell og Venabygdsfjellet!

Bilde
Endeleg snø under føtn! Torsdag sette eg kursen mot vinter og skiføre. Første stopp på turen var Kvitfjell og eg fekk testa både utforløypa frå OL- VELDIG BRATT, og dei fleste andre løyper! Med sure lår sette eg kursen mot Venabygdsfjellet og tre dagar med langrenn. Det vart knappe 70 km tilsaman, dei fleste i sur motvind og fokksnø, men herlig å gå på ski igjen! I tillegg mykje sofaliv og god mat på hytta Nerli. Deilig med litt vinter igjen! Klimaflyktningar Liten stopp for å nyte utsikta. Kvitfjell - klar for sure lår og stor fart! Ska sei det va bratt ned der....fikk STOR respekt for Svindal og co Sola kom endelig fram Fikk brukt fellene litt også Frå toppen av Segalstadsæterkampen - flott utsikt nedover Gudbrandsdalen Rundt Trabelifjellet på Venabygdsfjellet Trikkeskinner og klisterføre Bataljonen på tur Herrlig med biff i gryta etter lang skitur Nysnø og sol idag, så lenge det varte....VM ...