Lenge sidan sist- kajakk, sykkel, panoramajakt, bobiltur, høgdepark, zipline, vår og fjelltur!
Alt for lenge sidan forrige innlegg, så her blir det nok eit oppsamlingsheat! Kajakksesongen er endeleg igang! Starta årets sesong med tur på Malmefjorden. Godt og vere igang, ser fram til mange fine turar i sommar! Sykkelsesongen er også verkeleg i gang, både på landevegen og i terrenget. Her er Tonje og eg på sykkeltur til Eide forrige helg. Kjempefin stisykling på veg heim frå jobb idag! Bobiltur, panoramajakt, frå tre til tre, zipline, gode mat og hyggeleg besøk. Forrige langhelg var eg på bobiltur for første gong. Med lånt hus på hjul la eg først turen til Surnadal, kor målet var skitur til begge toppane på Snota. Planen var å kjøre opp Folldalen (på grensa mellom RIndal og Surnadal) til Gråsjøen og gå derifrå. Dette er den vanlegaste ruta til Snota. Men då eg var kome omtrent halvvegs, så var vegen delvis grove over av store vassmengder. Det frista ikkje å lure seg over i frykt for at det ikkje skulle vere mogleg å returnere. Derfor snudde eg og k...