Innlegg

Panoramajakt i "Blåskjerdingsmassivet"

Bilde
Våkna til nok ein nydeleg dag og heiv meg rundt og pakka sekken og sette snuten mot ferga og Blåskjerdingen. Eg hadde sett meg ut at eg skulle ta tre panoramatoppar i dag, men kom heim med berre to! Eg starta frå Nakke-reset og sette først kursen mot Litjeskjerdingen, så av med fellene og nedkjøring mot Storskjerdingen, før fellene måtte på igjen. Oppe på Storskjerdingen vurderte eg vidare rute. Hadde sett for meg å gå opp den nordaustlege ryggen, men det såg ut til å bli både veldig bratt og veldig snølaust. Så bestemte meg for å gå normalruta opp til topp 1061 moh, og derifrå traversere meg over til tipp 1069 moh, som eg manglar. Vel oppe på toppen etter å ha kjempa med skikkeleg drittføre, skavlar og blankis, dei siste 250 hm, så fann eg fort ut at det ikkje vart topp 1069 i dag heller. Det var blankis og VELDIG bratt ned til eggen, så eg tenkte at dette fekk vente til sommaren. Etter ein liten matpause og nyting av utsikta sette eg kursen tilbake til bilen igjen. På turen ned va...

MÅLLAUS! Eggtraversering på Virumkjerringa 1374 moh, Ålvundeidet

Bilde
Usikker på korleis denne turen skal beskrivast, men nokre ord oppsummerer dagen: flaks, eggtravers, tur med klatrelegender, solnedgang, stegjarn og isøks, svolt, panoramatopp, dårlig skiføre, men alt i alt ein M A G I S K dag på fjellet ! Eg starta på tur frå skiheisen på Ålvundeidet og hadde tenkt meg på Virumkjerringa 1374 moh, ein topp i Moldepanoramaet så klart...Eg tassa roleg oppover og kom meg i siget etterkvart, men bak meg fekk eg sjå ein grøn teletubbi...det vil seie godt vaksen person i heildress av farge veldig grønn! Eg kjenner ingen andre enn Emil med slikt utstyr og venta dei inn. Han var i godt følge med ein del godt fjellvande som skulle gå traversen over Virumkjerringa, frå aust mot vest, ein travers ikkje mange har gått på vinteren vistnok. Eg var ikkje sein med å slå til når eg fekk tilbod om å vere med på dette. Anført av Øivind Vadla, Ellinor M. Vadla, Berit Skjevling og Aslak Aastorp, låg eg og Emil på slep. Først opp på reset mellom Virumkjerringa og Gråneb...