Innlegg

Klatring i Moldeveggen

Bilde
For ei drøy veke sidan var eg i Moldeveggen saman med Kristin, Aleksander og Eline. Det er veldig mange år sidan eg har klatra sist, og på første turen var det krampaktig! Men, etter kvar rute gjekk det berre betre og betre, heilt til det ikkje var krefter igjen...Vi var iallefall einige om at dette var veldig artig og at vi snart måtte gjere det igjen! Underteikna vart så ivrig at utstyr vart bestilt og påmelding til klatrekurs unnagjort to dagar seinare!

The Best of 2012 - året som vart så bratt!

Bilde
Har no hatt ein liten gjennomgang av året 2012- året det vart så bratt! Har vel aldri gått så mykje på fjellet eit år som i 2012. Kort oppsummert vart det 45 500 høgdemeter, 45 nye toppar i Moldepanoramaet og 29 andre fjelltoppar. I tillegg vart det mange fine sykkel og kajakkturar, fisketurar og skøyteturar. Kort oppsummert, eit veldig aktivt år med mykje fresk luft! Her finn du ein film som summerer opp året, og under følgjer eit lite utval avåret som har gått! Vintermorgon i Molde Frå Snøtind mot Vengetind og Trollveggen Frå kvannfjellet mot Bjørnen, Dronningens Krone og Skjorta i bakgrunnen Frå Kvannfjellet - ut mot havet Frå Skåla mot Romsdalen Trollveggen og Breitind Vengetind Romsdalshorn Atlanterhavsvegen ...