Innlegg

Oppsamlingsheat!!

Bilde
Det har vore lite blogging i det siste, pga. kjøkkenprosjekt, sjukdom og mykje jobb. Her kjem ei lita oppsummering av den siste månaden! Det har vore ein lengre periode med kaldt og fint ver og måneskinn! Ettermiddagstur til Tusten, flott utsikt vestover. Kjøkkenet er endeleg HEILT ferdig! Hadde to blide freningar på overnattingsbesøk forrige helg, vi testa ut isen på Øverlandsvatnet og steikte pannekaker! Morgonen etter var eg tilbake for å teste skøyteforholda, ein nydeleg morgon ved Øverlandsvatnet! Her er det ein film som viser SOLNEDGANGEN ved Øverlandsvatnet! Søndagstur til Høgheia i Elnesvågen!

"Topptur-sesongen" er igang!

Bilde
Når alle andre var ute og prøvde seg på pudderføret for eit par veker sidan, så låg eg snyte forkjøla heime. Derfor berre MÅTTE eg på ski idag, samme kva føre. Køyrde til Fursetfjellet og sette kursen mot Raudheia. Det var ikkje meir snø enn kva det måtte vere, men gikk greit å komme seg opp. Øverste del var steinhardt, medan det lengre nede var realt drittføre, gjennomslagsskare.....Men, greit å vere igang! Får berre satse på at det kjem litt meir snø no, slik at føret blir betre!

Stisykling på Skåla

Bilde
Når eg forrige laurdag gjekk langs Røa så tenkte eg at det hadde jo vore rett så fint å sykla her også. Så idag tok eg sykkelen på biltaket og sette kursen mot Skåla. Starta på samme plass som forrige laurdag og fulgte elva oppover til Kroken. Der vart det alt for kronglete og tett, så fulgte sti langs kraftlinja, som etterkvart gikk over i fin sti og skogsveg. Desverre tok denne slutt i mi retning (den gikk tilbake igjen mot Hovdenakken) og eg tok fatt på ca 1.5 km med trilling i særs vått og ulendt underlag. Var glad då eg kom inn på skogsveg frå/mot Solemdalssetra. Etter ei stund på fin sti kom eg til slutt inn på grusveg. Denne fulgte eg vidare retning Solemdalen og tok av rett etter bru over Røa ned til venstre. Fulgte då denne vegen som gikk over i grusveg til den kom inn på hovudvegen igjen. Sykla så hovudvegen tilbake til utgangspunktet. Kart her. Gode moglegheiter for at ein film kjem om ikkje lenge.

Panoramajakta held fram, Liahornet (726 moh) og Båten (819 moh), Vestnes

Bilde
Endeleg ei helg utan snekkering og innearbeid, så var rask med å komme meg ut på tur. Nesten ein månad sidan forrige panoramafangst, så sikta meg inn på top toppar på andre sida av fjorden. Tok ferga over fjorden og køyrde til Vik, rett før Tomrefjorden. Parkerte på parkeringsplass på venstre side av vegen og fulgte fin og tydeleg sti heile vegen til topps på begge toppar. Kjempeutsikt når ein kjem over skogen, og ein fin tur! Mot Oterfjellet og Melen Molde med Urdfjellet og Kvannfjellet som kvite toppar bak. Blåskjerdingen Liahornet 726 moh Frå venstre: Remmemstind, Litjetind, Ystetind og Brustind Brustind og Sandfjellet, dei to forrige panoramatoppane Skåla litt til høgre i bildet Mot Svartevasstinden, Prosten og fjella i Rauma På toppen av Båten 819 moh Molde Brustind