Innlegg

Blåskjerdingen, 1061 moh

Bilde
I alle år eg har budd i Molde har sett dette fjellet på avstand. Blåskjerdingen er ein ganske markant topp sett frå Molde, og har to toppar adskilt av eit bratt og smalt skar. Eg valde toppen til venstre, sett frå Molde. For å komme dit tek ein først ferga over Moldefjorden, så kjører ein til Fiksdal kor ein tek av i vegkrysset skilta mot Vatne. Kjøyr til høgaste punkt på vegen, der er stor parkeringsplass. (Også utgangspunkt for tur til Fiksdalshoinnje/Melen ). Turen opp tok ca 2 timar, og frå toppen var det ei fantastisk utsikt mot Sunnmørsalpane, ut til Runde, Nordøyane, Romsdalsalpane og innover mot dei høge og store fjella på Nordmøre. Var utruleg sur vind på toppen, så det vart ikkje akkurat appelsineting og soling...Det var berre å få av fellene og sette snuten ned igjen. Tok ei litt anna rute ned enn kva eg tok opp, og fekk fin kjøring i alt frå pudder til skikkelig vårslush! Det er noko spesielt med å gå skitur sålangt ut mot havet, hav og fjordar på alle kantar og fantasti...

Gangskaret, frå Fræna til Molde

Bilde
Idag har eg lufta fjellskia på tur frå Fræna til Molde, via Gangskaret. Starta omtrent 100 meter etter tustentunell-bommen og fulgte skogsveg og etterkvart merka sti til toppen av Gangskaret. Litt knøle i enkelte parti på ski og hard skare, men gikk bra. Når eg kom opp i Gangskaret, tok eg turen opp til toppen av Skolmelia, før eg sette nasen ned mot Nordbyen igjen. Fin tur!! Meir om turen kan du lese på denne sida. Kart over turen er her. http://kart.gulesider.no/m/9gAnJ Opstadhornet, mandagens turmål Såta, 630 moh Utsikt frå Skolmelia mot Kvannfjellet og Urdfjellet Skiføre overalt.... Frå Gangskaret mot Malmefjorden Tusten Talstadhesten, Lågheia og Trolltindan Toppen av Skolmelia 624 moh Mot Varden

Konferanse i Geiranger og skitur i Eidsdalen

Bilde
Har vore to dagar i Geiranger på konferanse. Sjølv om det ikkje var nå knallver, så er det bestandig like fint å kome til Geiranger. På veg heim idag tok eg ein liten skitur opp til Eidsheia og var på veg opp til Nonshornet, men plutseleg var det null sikt og flatt lys, så snudde og sette kursen heimover igjen. Bra start på helga! Kart over skituren er her . Ved Eidsvatnet, start for skituren Til slutt ganske dårlig sikt og lys...

Ein strålande morgon...

Bilde