Innlegg

Å for ein strålande morgon!

Bilde
Utsikta i dag tidleg frå Varden- herrrlig!

Silsetfjellet, Atlanterhavsvegen, Luftvegen til Bergen og ny design!

Bilde
Det er alt for lenge sidan sist eg har posta noko, har vore mykje jobb, dårlig ver og sjukdom i det siste, men no skal det ta seg opp igjen. Har til og med slått til med nytt design på bloggen! For litt over ei veke sidan var eg på gåtur på Silsetfjellet i Batnfjorden, på ein knalldag. Bilda seier alt! og dagen etter var eg første ein tur til Averøya- fantastisk morgon ved Atlanterhavsvegen før eg flaug til Bergen, nydelig flytur over fjella!

Nydeleg sykkeltur i Moldemarka

Bilde
Vakna til ein nydeleg dag idag, og da var det berre å komme seg ut med sykkelen- godt å sykle uten å bli klissblaut og fryse fingrar og tær av seg!

Ein strålande morgon

Bilde
Det ser ut til å bli ein fin dag i Molde, som desverre blir tilbragt innendørs på konferanse.

Øygarden Useriøse Sauesankarlag vol.2

Bilde
I dag har eg igjen vore på sauesanking for Øygarden Useriøse Sauesankarlag. Det er vel ingen underdrivelse hvis eg seier at toktet var omtrent motsatt på alle måtar i høve til førre laurdag. Vi starta i pøsregn, som gikk over til sol, djupsnø og vinterstemning, sauene eg fikk i oppdrag å geleide ned til bygda gikk fint på stien, ingen sprell og lengre springerundar, og eg fikk til og med tid til å sette meg ned og drikke kaffe og ete kvikklunch. Takk og pris for at dei tre sauene vart så svoltne av å gå over fjellet i djupsnøen at dei heiv seg over første og beste grasflekk når vi kom ned i skogen! Det går til og med rykter om at eg snart kan bli tatt opp som fullverdig medlem i det seriøse sauesankarlaget. Kryssar fingrane for ja, og at eg snart er ein anerkjend sauesankar ;-) Det var iallefall ein utruleg fin tur, sjølv om det var meir eller mindre skiføre halve turen. Alle bilder er tatt med mitt GoPro-hjelmkamera, det skikkelige fotoapparatet vart spara for pøsregnet. ...

Innergardsnebbå, 763 moh

Bilde
Etter gårsdagens strabasiøse saueleiting, tok eg idag ein kort tur - til Indergardsnebba, 763 moh, på Silsetfjellet. Kjaur opp til Indergardssetra og starta derifrå. Fin tur med flott utsikt!

På tokt for Øygarden Useriøse Sauesankarlag

Bilde
I dag var det dags for årets innsats for Øygarden Useriøse Sauesankarlag. Vi starta i særdeles fint og varmt haustver med korterma og buksa oppbretta til langt oppom knea- og eg kan skrive under på at det vart veldig varmt når e måtte klyve opp den bratte lia uten sti og som kan kategoriserast som "molmark" på Batnfjordsk, omtrent ugjennomtrengelig...I dag hadde sauene tydelegvis tenkt å kødde med dei som jakta på dei og sprang som tullingar i alle moglege retningar, gjerne rett oppover igjen etter at dei var på veg ned....Kort oppsummert: veldig tunge lår! Men men, vi fikk ned ein del sau! Ei staseleg oppleving var når eg var 25 meter frå 4 store grasiøse hjortar som kom i lett jogg opp fjellsida og fortsette over fjelltoppen- fantastisk!