Innlegg

Urdfjellet idag

Bilde
Etter ei jobbreise til Volda, heiv eg meg i skiustyret og sette kurset for Skaret og toppen av Urdfjellet. Nydeleg ver, vindstille, lett antrekk, sola varma....ja, det kunna ikkje bli mykje ber! Einaste som kunna gjort turen betre, var enda meir pudder...var ei lita skorpe oppå etter ei kald natt og ein varm dag! Men det var ein kjemepefin tur!! Testa ut mitt nye hjelmkamera, under ser du resultatet!

Pudder i Tusten 29 mars 2011

Fantastiske forhold i Tusten

Bilde
Om dagen er det fantastiske forhold i Tusten, spesielt for laussnøkjøring. Det har kome ganske betydelege nedbørsmengder dei siste dagane, og i Tusten har det vore skikkeleg pudderføre! Har vore der eit par turar dei siste dagane, mandag gikk eg til toppen og fikk kjempeføre ned igjen. I går var eg barnevakt for Eline og Aleksander og vi tok turen til Tusten. Det vart og tid til litt skogskjøring etter barnevakttenesta.

Styggevér er fotovér!

Bilde
For tida er det både kraftig vind og kraftig nedbør på denne kanten av landet. Men skikkeleg styggevér er også artig fotovér! Her er nokre bileter frå Molde idag, tatt ved Rica Seilet Hotel.

Smørbotntind, 1188 moh

Bilde
Har i dag vore på ein fin topptur saman med Tonje, Camilla og Richard til Smørbotntind i Skorgedalen, Rauma. Har aldri vore i Skorgedalen på skitur før, men det blir iallefall ikkje den siste. Turen opp til Smørbotntind starta på parkeringsplassen i Skorgedalen (bomveg for å komme opp dit) på ca 350 moh. Første del gikk i lett terreng inn mot foten av fjellet, etterkvart vart det brattare, men det vart aldri sikkelig bratt. Nydeleg utsikt frå toppen! Turen ned var minst like fin som turen opp, mykje fin puddersnø å svinge seg i! Alle var einige i at det hadde vore ein flott tur! For meir informasjon om turen, kart, rute osv, klikk her .

Øspetind 1228 moh

Bilde
Idag tok eg ein avspaseringsdag og for til fjells saman med Synnøve. Mål for turen var Øspetinden i Måndalen. Det vart ein nydeleg tur i nydeleg ver, mange nye fregner! Turen opp var akkurat passe lang, og føret ned var også ganske bra, iallefall ned til ca. 600 moh. For meir informasjon om turen, sjå www.morotur.no Foto: Synnøve Haga

Tusenårsvarden, Moldemarka

Bilde
Har kjøpt meg nye fjellski og var ganske gira på å få prøvd dei, så idag tok eg turen opp i Moldemarka. Tok Vardevegen opp til Damefallet og deretter opp mot Skihytta og over til Tusenårsvarden. Kjempefint ver og fint skiføre, og ikkje minst ei heilt fantastisk utsikt! Nedturen gikk ned mot lysløypa i Moldemarka og tilbake til Vardevegen. Var ganske bra føre, fann til og med fin puddersnø. Kjempefin nedkjøring, nokre telemarksvingar vart det også!