Innlegg

Skitur på Fursetfjellet

Bilde
I dag har eg vore på rusletur på langrennski på Fursetfjellet saman med Tonje. Kaldt, men utruleg fint, anbefales på det sterkaste!

Julaften på Harstadfjellet, 1004 moh

Bilde
Starta julaften med tur til Harstadfjellet. Fikk med meg soloppgangen og det var eit nydeleg skue etterkvart som eg tråkla meg oppover fjellsida. På toppen var det ikkje eit vindpust, og det var ein opplevelse av dei skjeldne å kunne nyte ein kopp te og julekaker på toppen, UTAN vottar, og nyte den fantastiske utsikta! Med denne starten på julaften, blir resten av juleferinga også bra! GOD JUL!

Lillejulaftens pudder!

Bilde
Pga. litt skrantande helse tok eg i dag ein litt kort tur på ski, som gav mykje artig skogskjøring med MYKJE pudder! Gikk heimanfrå på Silset og rett opp lia til Durmålhaugen, drøye 500 moh. Nydelig utsikt og supert føre!

Morgonskitur til Tågheia i Moldemarka

Bilde
Starta dagen med hodelykt og ski, måtte ut og teste mine nye dynafit-bindingar! Starta ved Grua, Hatlelitunellen, og gikk oppover mot Nonsmyra, Damefallet og Skihytta i Moldemarka. Derfrå tok eg turen vidare til Tågheia, 512 moh. Sjølv om toppen ikkje er så høg eller luftig, er det ei fantastisk utsikt derifrå. Turen ned var kjempartig, mykje herlig pudder og stive lår!! Ein super start på dagen og helga! Sjekk kart HER

Nydeleg morgon i Molde

Idag formiddag var det litt av eit skue før sola kom over fjelltoppane!

Flyttebyrå tur- retur Oslo

Bilde
I helga har det ikkje vore utflukter i naturen, men vil likevel fastslå at å vere flyttebyrå- kjøre tur-retur oslo, og fylle og tømme ein varebil- er ei ganske fysisk utflukt! Tar vi med naturen på vegen, så kan eg seie eg har tatt ein tur i den norske naturen i helga! I tillegg til litt bynær sightseeing i Oslo!

Årets første "topptur"

Bilde
Våkna opp idag til nysnø ute, og da greide eg ikkje å dy meg. Fram med skiutstyret og ut på tur! Kjørte til Fursetfjellet og sette kurs rett mot toppen av Raudheia, 669 moh. Raudheia er ein grei tur, kort oppstigning, men har fantastisk utsikt. Den utsikta såg eg ikkje mykje til i dag, på toppen blas det ganske frist og sikta var ikkje noko særleg. Så det var berre å få av fellene og komme seg ned igjen. Ganske flatt lys i starten, og lite men hard snø. Etterkvart vart lyset bra og føret mykje betre, det vart puddersvingar!! Merka det godt i låra, men slik er første turen. Godt å vere igang!