Innlegg

Meddagshåjin 572 moh

Bilde
Kort topptur i Batnfjorden. Gikk på ski frå døra, fint føre og nydeleg ver. Turen kan anbefalast dersom du vil ha ein kort topptur i Batnfjorden. Fantastisk flott utsikt frå toppen!

Indergardsnebba, 763 moh, Batnfjorden

Bilde
Tok idag turen til Indergardsnebbå på Silsetfjellet. Fin tur, fint føre, men litt flatt lys ned igjen. Utsikta er fantastisk, hadde det berre vore klarver!

Blakstad-Stokke

Bilde
Skitur nede i dalane! Starta frå Blakstad og gikk opp Blakstaddalen og rente ned til Stokkdalen, for så å fortsette ned til Stokke. Fin tur, men følte meg som ei hogstmaskin då eg fresa gjennom eit plantefelt sidelengs...Burde kanskje vald ein anna veg ned! Men vart ein fin tur!

Tarløysa 1086 moh, Åfarnes

Bilde
Endeleg kom det ein skikkeleg finversdag og saman med Synnøve, Kåre Henning og Emil sette eg kursen mot Tarløysa på Åfarnes. Føret var kjempebra, 15 cm med pudder oppå skare, utsikta frå toppen super og dei heimelaga smultringane i ryggsekken smaka berre supert! Påskå e i gang! Foto: Synnøve Haga og meg sjøl

Kjapp skitur til Raudheia, Fursetfjellet

Bilde
Etter ei helg med mykje mat og lite trim, tok eg og Emil oss ein kjapp tur opp på Raudheia på Fursetfjellet. Kort tur og sur vind opp, steinhard skare og megaflatt lys på veg ned- men alle var einige om at det hadde vore ein flott tur!

Harstadfjellrennet 2010

Bilde
I går gikk årets Harstadfjellrenn av stabelen. Pga. dårlig ver og usikre forhold i fjellet, så vart starten flytta ned til drøye 600 moh på Mossatuå, istaden for frå toppen på 1004 moh. Mossatuå var og øverste runding for dei som konkurrerte i skialpinisme. Etter fire timar som løypevakt og venting på opplett, fekk eg endeleg sleppe utom fjellet. Løypa var krevande, først i laussnø så på preparert skogsveg. Farta var høg og mjøkesyremengda den samme! Men eg kom til mål med helsa i behold!! Trass i dårleg ver, vart det eit bra arrangement med god oppslutning. For meir informasjon om Harstadfjellrennet, bilder og video- sjekk ut batnfjord.no

Pudder!

Bilde
Tok ein kjapp liten skitur opp på Kleiva i Batnfjorden og fekk kjøre fantastisk pudder ned igjen under høgspenten! :-D