Panoramajakta held fram; Lisjedalstindane 1120 moh, Ytre Standal, Ørsta

Ei veke etter at eg var på Ystenestinden/Slingsbys topp var eg tilbake på Ytre Standal for å få kloa i nabotoppen Lisjedalstindane. I eit nydeleg haustver la eg avgarde innover dalen langs raudmerka sti. Den deler seg etter setra, til venstre kjem ein til Standalhytta til høgre til Molladalen. Eg tok av retning Molladalen og opp til Høgevatnet. Der var eg også i sommar då eg tok turen til Jonshornet og Mohns topp. 

Forrige helgs topp


Dagens mål til venstre i biletet, Slingsbys topp til høgre




Lisjedalstindane til venstre

Ved Høgevatnet var det ikkje ein vindpust og vatnet var eit einaste stort speil.




Ryggen opp mot Lisjedalstindane er utan sti, men av og til går ein seg på dyretråkk. Så det er berre å krysse seg oppover etter beste evne. På veg oppover ser det ut som toppartiet kan vere bratt og vanskeleg. Men, i 99 % av tilfella er det slik at fjellet berre opnar seg jo tettare ein kjem på toppen. Dette var ikkje eit unntak.

Utsikt mot Romedalstindane frå ryggen opp til Lisjedalstindane

Slingsbys topp, Hjørundfjorden langt der nede
Det er også mogleg å kome seg opp denne sida til Slingsbys topp, men det er over mitt klatrenivå!

Det einaste "vanskelege" på dagens topp var dei siste 2 metra. Her er det bratt men gode tak, men det er langt ned på sidene! Så på eit lite elegant vis velta eg meg opp på toppen og kunne krysse ut nok ein panoramatopp, nr 207!




Frå toppen er det ingenting å seie på utsikta! Etter å ha fotografert i aust og vest, nord og sør kravla eg med ned igjen frå toppsteinen. For dei som skulle finne på å ta turen, ver obs på at det er stein som ikkje er heilt fest, ikkje legg all vekt på denne!

Det var heilt ok å nyte matpakka her oppe. Men, det var ganske så sur vind så opphaldet vart ikkje så langt som eg kunne tenkt meg.

Molladalen
Eggen mot Grønetinden og til slutt til Svinetinden. Den skal visstnok vere fin på ski!

Det er bestandig artig å sjå fjell frå ulike vinklar, og Molladalen var "ny" for meg frå denne vinkelen. Også artig å vite at ein har vore oppe på toppane!



Det er ingen tvil om at hausten er her, eit fantastisk faregespel. Det er utruleg vanskeleg å skulle velge seg ut ei favorittårstid, men held ein liten knapp på hausten på slike dagar. Klar luft og kraftige fargar.


Det er mange år sidan eg har sett så mykje rogneber. Den store spenninga no er om det betyr at det blir lite eller mykje snø. Har rogna øva seg på å bere tung bør til vinteren, eller har ho brukt opp kreftene?? Det er jo som regel slik at ein blir god til det ein øvar på..... det er lova å håpe på ein skikkeleg snøvinter!


Nok ein kjempefin tur med utgangspunkt på Ytre Standal, og dei har eg hatt mange av i år. Så fort eg blir ferdig med panoramajakta er dette eit område eg kan tenke meg tilbake til, både sommar og vinter.

Vel nede vel bilen sette eg kursen mot Grytalisetra, i bakgården til Tresfjorden, der eg skulle møte Benthe. Dagen etter skulle vi prøve oss på Storbottshornets to toppar. Såklart panoramatoppar. 






Kommentarer